Kvikk lunsj - 80 år

I år er det 80 år sidan tursjokoladen "Kvikk lunsj" blei lansert. Då den først kom på marknaden i 1937 hadde den mørkt sjokoladetrekk. Den slo då ikkje noko godt ann hos kundane. Men etter at dei litt etterpå skifta ut sjokoladetrekket med "Freia melkesjokolade" blei det ein stor suksess. Og har vel sidan den tid vore Norge sin tursjokolade nr. 1. Ein mørk "Kvikk lunsj"-variant kom tilbake på marknaden i 2016. Og i samband med 80-årsjubileumet har både den mørke og vanlege varianten blitt kledd opp i ein lekker jubileumsemballasje i gammal stil. Eg synest at desse emballasjane er mykje meir fristande enn dei vanlege, og at dei er ei fin markering av 80-årsjubileumet. Til neste år burde ein vel eigentleg berre ha fjerna 80-årsmerket og fortsatt med denne lekre "Kvikk lunsj"-emballasjen. (Legg forresten merke til at "Kvikk lunsj" før blei skrive med bindestrek. Noko som etter mi meining er mykje meir logisk. Men noko som sikkert har blitt fjerna av estetiske grunnar då dei begynte å skrive namnet over to linjer på emballasjen.)

#sjokolade #Freia #tur #proviant #jubileum #helg

Twist (VIII)

Frå samlinga mi denne gongen har eg funne fram ein gammal "Twist"-boks. Eg veit ikkje kor tid den var i sal, men om eg skal tippe vil eg seie seint på 70-talet. Eg trudde først at den kunne vere frå 60-talet, men då var så vidt eg veit enno ikkje strekkodar tatt i bruk. Som dykk kan sjå av bildet under så har denne boksen ein strekkode. Boksen er dekorert med forskjellige motiv frå Karl Johans gate i Oslo. Gardemusikken prydar lokket, mens det på sida av boksen er bilde av blant anna Nationaltheatret og Slottet. Det bunadskledde paret med norsk flagg reknar eg med skal representere Karl Johans gate sin sentrale plass i Norge si nasjonaldagsfeiring.

Toffee Helnøtt Smakfull

Ein sjokolade som no nyleg kom ut på den norske marknaden er "Toffee Helnøtt Smakfull". Hurra!, tenker vel kanskje ein del sidan dette er ei "Freia-sjokoladeplate". Men det er berre utanpå. Inne i emballasjen er det ei sjokoladeplate som er produsert ved ein av Mondelez sine Milka-fabrikkar. Vi kan vel kanskje kalle sjokoladen ein slags "trojansk hest" som prøver å kome seg inn på den norske marknaden. Sidan "Freia" er eit så sterkt varemerke i Norge så er nok emballasjen ein fin kamuflasje for å lure nordmenn på handletur. Og Mondelez er her og frekke nok til å sette på "Kvalitet siden 1889"-merket på emballasjen. Det same merke som står på alle dei norskproduserte Freia-sjokoladeplatene.

Toffee og heilnøtt er etter mi meining eit godt utgongspunkt for ein god sjokolade. Men som hos "Oreo - Smakfull", produsert ved same fabrikk, så blir og kremfyllet i denne sjokoladen altfor mektig. Det er ikkje mange bitar eg orkar før eg kjenner at eg har fått nok. Eg trur mange andre norske kundar vil vere einig i at denne sjokoladen blir for drøy, og at den manglar den kvaliteten som Freia-sjokoladeplatene er kjend for å ha. Eg trur ikkje at "Toffee Helnøtt Smakfull" og "Oreo - Smakfull" vil greie seg så lenge på den norske marknaden.

Eg meiner at det hadde vore meir redeleg av Mondelez å marknadsført "Toffee Helnøtt Smakfull" i Norge som eit Milka-produkt. I staden for å kamuflere det som ei Freia-sjokoladeplate. Då hadde dei norske kundane visst kva dei fikk og kunne tatt eit meir bevisst val. Men om sjokoladen hadde blitt marknadsført som eit Milka-produkt hadde den sjølvsagt ikkje seld like mykje. Det er nok Mondeleze fult klar over. Og reint økonomisk verkar det vel logisk. (Sjølv om det er moralsk forkasteleg.) Men det trur eg er på kort sikt. Om ein stadig driv med slike kamufleringar for å få nordmenn til å kjøpe "falske" Freia-sjokoladar så kjem ein til eit punkt der varemerket "Freia" ikkje lenger blir knytta til høg kvalitet. Spesielt når ein begynner å tulle med sjokoladeplatene. Ein kan vel kanskje få litt inntrykk av at Mondeleze International trur at "sjokolade er sjokolade" og at nordmenn ikkje vil merke noko forskjel om det er Milka-sjokolade eller Freia-sjokolade som dei får servert. At om berre emballasjen er riktig så vil nordmenn bite på.

#sjokolade #blogg #Milka #Freia #emballasje #kamuflasje

 

Sjokoladepizza

Det tyske firmaet Dr. Oetker (grunnlagt i 1891) lanserar i desse dagar ein "sjokoladepizza" på den norske marknaden. I Tyskland trur eg den har vore i sal sidan april. Sjølv om eg har vore skeptisk, så har eg sett fram til å få smake på dette produktet. Det å kombinere sjokolade og pizza synest eg er ein vill ide og eg forsto ikkje heilt korleis dei skulle greie å få det til å fungere smaksmessig. Då eg såg bilder av emballasjen for ei stund tilbake trudde eg at dei lyse bitane på "pizzaen" var ost. Det viste seg å ikkje stemme. Det var visst berre kvit "sjokolade". Det dukkar vel då opp eit spørsmål om kor mange ingrediensar ein kan fjerne frå ein pizza om ein fortsatt skulle kunne kalle det ein pizza. Sjølv meiner eg vel at den ingrediensen som ein i alla fall ikkje kan fjerne er ost.

"Sjokoladepizzaen" til Dr. Oetker består av ein slags sjokoladedeigbotn, ein mørk sjokoladesaus, og tre typar sjokoladebitar på toppen. Eg frykta vel litt at sjokoladen på toppen skulle smelte lenge før resten hadde blitt varma opp, men det gjekk faktisk veldig greit. Botnen er tynn og blei passeleg sprø. Og sjokoladen blei ikkje for mykje smelta. Eg var nøye med å følgje bruksanvisninga på emballasjen. Smaksmessig synest eg at den blei for lite søt. Dette er nok på grunn av at både sjokoladesausen og ein av sjokoladebit-typane på toppen er mørk. Den blei liksom ein smule for "bitter" etter min smak. Eg ville nok hatt lys i staden for mørk sjokoladesaus på produktet.

Min konklusjon blir vel at dette eigentleg ikkje er ein pizza men ein slags sjokoladedessert med pizzaform. Om den slår ann på den norske marknaden er vel heller tvilsamt. Eg trur at det er mange som vil kjøpe den no i starten for å smake den, men at dei deretter vil gå tilbake til å kjøpe vanleg pizza. Og dei som er glade i sjokolade trur eg vel og vil foretrekke det i normal form. Men eg synest no at det var ein artig gimmick.

#sjokolade #blogg #pizza #sjokoladepizza #helg

Crispo Rispuff

Nidar er no ute med ei ny sjokoladeplate som dei har kalla "Crispo Rispuff". Dei har vel her på ein måte bevega seg litt inn på Minde sitt domene, som har hatt fleire variantar av mjølkesjokolade med puffa ris. Mange kjenner nok til sjokoladane "Minde Risbrød" og "Minde Riskake". Og det er no ikkje så lenge sidan at sjokoladeplata "Minde Risplate" var på marknaden. Eg tviler vel på at "Crispo Rispuff" er komen for å bli sidan "Minde Risplate" ikkje greide seg så lenge i butikken. Men det er no ein bra sjokolade. Og dei som er glade i rissjokolade vil nok like den godt. Sjølv er eg vel ikkje så veldig begeistra for puffa ris i sjokolade, men synest at det er heilt greit. Eg synest at sjokoladeplata er god, men og samtidig at det er så mange andre sjokoladeplater som er betre. Så dette er vel typisk ei sjokoladeplate som eg kjøper berre ein gong. Vi får sjå kor lenge den greier å halde seg på marknaden.

#sjokolade #blogg #Nidar #sjokoladeplate #nyheit

After eight

"After eight" blei lansert i 1962 av engelske Rowntree & Company Limited. Produktet har sidan 1988 blitt produsert av sveitsiske Nestle, som då kjøpte opp selskapet. "After eight" er firkanta, mørke sjokoladar med mintfyll. I pakken er det 24 stk. og kvar bit er pakka i ein liten pose. Bitane er 4x4 cm og 4 mm tjukke. Sjølv om "After eight" er i sal året rundt er det nok mange som forbind dette produktet med jul. Det gjer i alle fall eg. Og det er sjeldan at eg et produktet utanom "julesesongen". Det er vel eit produkt som gjerne blir brukt som ein liten presang, på same måte som for eksempel "Twist" eller konfektesker.

Eg er ikkje så glad i mørk sjokolade. Men mørk sjokolade og mintsmak synest eg passar godt i lag. Og hos "After eight" synes eg at dei har fått til ein ekstra bra kombinasjon på grunn av forhaldet mellom fyll og sjokolade. Og både utforminga av emballasjen og sjølve produktet har eit eksklusivt uttrykk. (Bortsett frå Nestle-logoen.)

#sjokolade #blogg #Nestle #emballasje #helg

Kong Haakon (V)

(Innsida av lokket)

Her er ei gammal "Kong Haakon" konfekteske som eg kjøpte på ein bruktmarknad for nokre år sidan. Eg veit ikkje kor tid den var på marknaden men eg vil tippe at det var på 80-talet ein gong. Denne konfekteska er ca.14,5 x 29 x 3 cm. Så i forhald til dagens "Kong Haakon"-eske er den vel litt under halvparten så stor. Sjølv om "Kong Haakon"-konfekteska er namngjeven etter Kong Haakon VII (konge frå 1905-1957), så er det på framsida og oppramsa dei andre norske Håkon-kongane.

Håkon I Den gode - Konge frå 933-961

Håkon II Herdebreid - Konge frå 1159-1162

Håkon III Sverresson - Konge frå 1202-1204

Håkon IV Håkonsson - Konge frå 1217-1263

Håkon V Magnusson - Konge frå 1299-1319

Håkon VI Magnusson - Konge frå 1355-1380

#sjokolade #blogg #Freia #nostalgi #konfekt #helg #emballasje #kongehus

"Norges favoritt-Twist" ute av Twist-posen

(Bilde : freia.no)

Den overskrifta mi var vel kanskje litt tabloid. Og dette er no ikkje akkurat noko nyheit sidan det er ei god stund sidan det skjedde. Men sidan det sikkert ikkje er alle som har fått det med seg så tenkte eg at eg ville omtale det i eit innlegg. "Twist" er nok eit produkt som gjerne kan føre til intense diskusjonar. Dei fleste har vel sine favorittar og sterke meiningar om kva bitar dei likar og ikkje likar.

For ei stund tilbake blei den gode, gamle lakrisbiten i Twist-posen skifta ut. "Men lakris-Twisten er fortsatt i posen!", tenker du kanskje. Ja, men det er ein heilt annan lakrisbit. Dei har endra både konsistens, smak, emballasje og storleik på biten. Ei stund før lakrisbiten blei skifta ut utførte TNS Gallup ei landsdekkande undersøking for å finne "Heile Norges favoritt-Twist". Og der stakk den gode, gamle lakrisbiten av med sigeren. Det er sikkert ein del som protesterar på det, men hos meg har den i alle fall vore ein av favorittane.

Då Mondelez sin kommunikasjonsdirektør skulle kommentere resultatet sa ho blandt anna......"Resultatet det er interessant. Og veldig hyggelig at lakris er vinneren. Og grunnen til at det er ekstra hyggelig er at vi nå kommer med en ny lakris." Ja, der måtte ho nok ut og ro. For det er no den gamle lakrisbiten som blei kåra som vinnar. Og då er det no direkte pinleg å skifte den ut rett etterpå. Men på det tidspunktet reknar eg med at omlegginga var godt i gong og at Mondelez uansett ikkje ville ha snudd.

Kva kan så vere grunnen til at lakris-Twisten blei bytta ut? Er det for å gje deg ein ny og betre Twist? Nei, neppe. Eg tippar at det er på grunn av at lakris-Twisten i lang tid har vore den einaste biten som blei produsert ved Freia-fabrikken i Norge. Og at det berre er endå ei brikke i Mondelez sin "utflaggingsiver". Det er i alle fall det eg har inntrykk av. Eg er ikkje sikker, men eg trur kanskje at den nye lakrisbiten blir produsert i Frankrike. Noko som eg synest er litt skuffande er at dei ikkje eingong har prøvd å etterlikne den gamle lakrisbiten. Berre skifta den ut med ein "vanleg" lakriskaramell. Det er vel det som er den billegaste løysinga.

For dei som saknar den gamle lakrisbiten kan vel kanskje eit alternativ vere "NOX". Altså "broren" til sitronkaramellen "FOX". "NOX" har vel ganske lik smak og konsistens som lakrisbiten hadde.

#sjokolade #blogg #Freia #Twist #lakris #utflagging #pinleg

Mandelstang

Sidan eg ikkje har omtalt "Mandelstang" tidlegare her på bloggen så tenkte eg det kunne passe å gjere det no sidan den nyleg har fått ny emballasje. (Den gamle emballasjen var delvis gjennomsiktig.) Ein annan god grunn er at det i år er 120 år sidan den blei lansert. "Mandelstang" kom på marknaden i 1897! Så vidt eg veit er det den sjokoladen som har vore nest lengst på den norske marknaden, berre slått av Freia sin eigen "Selskapssjokolade" som kom i 1895.

"Mandelstang" har ein kjerne av vaniljefondant med eit tynt lag med mørk sjokolade rundt. Utanpå sjokoladetrekket er det tett i tett med finhakka mandlar. Noko som eg synst er litt upraktisk er at sjokoladen dryssar ein del sidan mandelbitane set ganske laust. Smaksmessig minner vel "Mandelstang" kanskje litt om Nidar sine "Kremtopper", som kom på marknaden i 1920. Det var veldig lenge sidan eg hadde smakt "Mandelstang" og eg blei litt overraska over kor "frisk" den var. Eg hadde nok foretrukke sjokoladen utan mandlar, men ein kan no sjølvsagt ikkje fjerne mandlane frå "Mandelstang". Konsistensen til fyllet synest eg er bra. Konsistensen er omtrent som hos litt grov marsipan.

#sjokolade #blogg #Freia #emballasje #jubileum

Polly Turmiks

Her ein dag kjøpte eg meg ein pose med "Polly Turmiks" som eg trur kom på marknaden i februar i år. Den finst og i ein variant i grøn pose, men sidan den ikkje inneheld sjokolade så tar eg ikkje den med her. Den gule posen med "Polly Turmiks" inneheld peanøtter, sjokolade, rosiner, og cashewnøtter. Det blir vel kanskje litt feil å sette karakter på eit slikt produkt sidan det inneheld fleire seperate delar, men det eg her gjev karakter er smaken når ein et ein neve av blandinga. Og denne kombinasjonen likar eg veldig godt. Eg har tidlegare smakt heimelaga blandingar av salte peanøtter, sjokolade og rosiner og synest at det var på tide at nokon kom på marknaden med eit liknande blandingsprodukt. Desse ingrediensane passar rett og slett veldig godt i lag.

Noko som eg synest er litt negativt ved produktet er at blandingsforhaldet i posen mellom nøtter, sjokolade og rosiner ikkje heilt stemmer overeins med bildet på emballasjen. På emballasjen får ein inntrykk av at posen inneheld meir sjokoladen enn den gjer. Sidan det er eit "Polly"-produkt så er det vel ikkje så rart at nøtter dominerar i posen, men det hadde nok blitt endå betre om ein hadde fått til ei meir balansert blanding. I posen er det både små sjokoladebitar, og store riskuler med sjokoladetrekk. Eg hadde nok foretrukke at dei i staden for kulene hadde hatt fleire små sjokoladebitar i posen. Det er viktig når ein tar ein neve av produktet at ein får med både nøtter, rosiner og sjokoladebitar. For det er akkurat den kombinasjonen som er ekstra god.

Dette er no ei type snacksblanding som ein enkelt kan lage seg sjølv av salte peanøtter, mjølkesjokoladebitar og rosiner. Og då kan ein no få det blandingsforhaldet som ein ønsker. Cashewnøtter er godt, men ein treng ikkje dei for å få til denne gode smakskombinasjonen. Peanøtter og rosiner er omtrent like store og om ein lagar sjokoladebitar i same storleik så blir det nok bra.

#sjokolade #blogg #Polly #emballasje

Sonja & Harald

Her har eg funne fram ei litt spesiell konfekteske frå samlinga mi av gammal Freia-emballasje. Det er kanskje ikkje så mange av dykk som har sett den før. Det som er litt spesielt er at det ikkje står noko namn på sjokoladeeska. På framsida er det berre eit reint bilde av dronning Sonja og kong Harald. Eg veit ikkje kor tid den kom på marknaden, men eg reknar med at det var då dåverande kronprins Harald forlova og gifta seg med Sonja Haraldsen i 1968. Eska er 23 x 30,7 x 2,8 cm.

#sjokolade #Freia #emballasje #kongehuset #konfekt

Daim Orange

"Daim Orange" er ein ny sjokolade som no er ute på marknaden i eit avgrensa opplag. Dette er altså "Daim"-sjokolade med smak av appelsin. Sjokolade med appelsinsmak har eg aldri vore noko særleg begeistra for. Eg synest appelsinsmaken heilt overdøyver sjokoladesmaken og då synest eg litt av vitsen er borte. Då foretrekk eg heller vanleg mjølkesjokolade og ekte appelsin. Det einaste tilfellet eg kan tenke meg der appelsinsjokolade kan fungere er ein konfektbit med appelsinfyll. Eg trur det ville vere ein fordel å få appelsinsmaken og sjokoladen separert i staden for å blande den inn i sjølve sjokoladen.

Konsistensen til "Daim" er eg ikkje så glad i. Og det at den harde mandelkrokanen klistrar seg til tenna mine når eg tygg den har alltid irritert meg.

#sjokolade #appelsin #blogg

Oreo Smakfull

For ikkje så lenge sidan dukka det opp ei ny "Freia"-sjokoladeplate i butikken kalla "Oreo Smakfull". Dette er ei ekstra stor sjokoladeplate på 320 gram. Dei fleste vanlege "Freia"-sjokoladeplatene er på 200 gram. Denne sjokoladen her har den same lengda som dei andre, men er tjukkare og breidare. Eg har som regel ingen problem med å ete ei heil "Freia"-sjokoladeplate i ein omgang. (Sjølv om eg sjeldan gjer det.) Men denne "Oreo"-sjokoladen var eg nødt til å ta i fleire omgangar. Eg synest rett og slett at den blei for "mektig". Det minner vel litt om følelsen når ein et litt for mykje "Freia Påskeegg". Noko anna eg misliker ved sjokoladen er konsistensen. Den har ein "hard" kjekskjerne i midten med mjukt kremfyll og sjokolade utanpå. Eg synest at det blir ei unaturleg samansetning og ikkje så godt å bite i. Smaksmessig er det vel kanskje ein middels god sjokolade, men eg synest at det blir for mykje kremfyll og kjeks.

Noko som irriterar meg ved emballasjen er at dei har valt å sette på det "Kvalitet siden 1889"-merket som brukar å vere på dei store "Freia"-sjokoladeplatene som blir produsert i Oslo. "Oreo Smakfull" blir produsert utanlands, ved ein av Mondelez sine andre fabrikkar, og har etter mi meining slettes ikkje "Freia-kvalitet". (Sjølv om det begrepet nok har blitt litt utvatna dei siste 10-15 åra, nettopp på grunn av slike "falske" "Freia"-sjokoladar.)

Eg vil garantert ikkje kjøpe fleire eksemplar av denne sjokoladen. Og eg tviler vel litt på at den vil få nok gjenkjøpt til å greie seg så lenge på den norske marknaden. Spesielt sidan så og seie alle dei andre store "Freia"-sjokoladeplatene på marknaden er betre. Men dei som er spesielt glad i "Oreo" vil vel kanskje kjøpe ein del av den.

Det har og kome ein liknande "Oreo"-sjokolade i barform på 37 gram. Den synest eg har betre konsistens. Men på den blir og "Kvalitet siden 1889"-merket misbrukt.


#sjokolade #kjeks #blogg #Freia #emballasje
 

Reklamekort (V)

Frå samlinga mi har eg denne gongen funne fram eit gammalt reklamekort for ein Freia-sjokolade som eg reknar med at få har høyrt om. Eg kjende i alle fall ikkje til at Freia hadde ein sjokolade som heitte "Haukeli Chocolade" før eg såg dette postkortet. Kortet er ikkje poststempla eller datert, så eg veit ikkje kor tid det er frå. Men det ser ganske gammalt ut.

#sjokolade #blogg #helg #reklame #postkort #Freia

Stratos & Litago

Den nye Nidar-sjokoladen "Stragos & Litago" er eit litt spesielt samarbeid mellom Nidar (Orkla) og Tine. (Eg trur ideen til samarbeidet kom frå eit reklamebyrå som før hadde begge bedriftene som kundar.) Det som er spesielt med denne "Stratos"-sjokoladen er at den har "Litago" milkshakefyll. Eg må vel seie at eg blei litt overraska over å sjå begge desse "kjendis-kuene" på same emballasje.  Og i marknadsføringa er "Stratos"-kua og "Litago"-kua no liksom blitt kjærestar.

Smaken på fyllet synest eg er bra og konsistensen er passeleg. Og fyllet passar bra til den gode "Stratos"-sjokoladen. Men eg synest nok at vanleg "Stratos" utan fyll er betre. Og det hadde etter mi meining blitt meir spennande om dei i staden for milkshakefyll med sjokoladesmak hadde brukt jordbær- eller banansmak. Men det hadde vel på ein måte ikkje vore mogleg i denne omgong sidan Tine bruker "Stratos"-sjokolade i ein ny milkshake som no og er ute på marknaden. Slik at begge bedriften får nyte godt av samarbeidet. Sjokoladen "Stratos & Litago" er på 175 gram og finst i tillegg i ein liten sjokoladebar på 34 gram.

Eg har vel aldri vore noko særleg begeistra for sjokolademilkshake. Eg har alltid synest at for eksempel jordbærmilkshake er mykje betre. Men sidan "Stratos" er ein såpass god sjokolade så hadde eg vel ganske store forventningar til milkshaken "Litago & Stratos". Men dei vil eg ikkje seie blei innfridde. Eg likte konsistensen. Det er ein fyldig milkshake. Men eg synest at den på ein måte er for lite søt. Og om eg ikkje hadde visst kva slags sjokolade som var brukt i den så hadde eg nok ikkje tippa at det var "Stratos".

#Nidar #Tine #sjokolade #blogg #helg #turtelkuene
 

Freia melkesjokolade - Smil

Ein sjokolade som eg ikkje rakk å skrive om før påske er den nyaste Freia-sjokoladeplata, "Freia melkesjokolade - Smil". Eg blei glad då eg høyrde at ein slik sjokolade skulle kome og såg fram til å smake den. Og var sikker på at den ville bli ein like stor suksess som "Freia melkesjokolade - Japp". Men det var før eg til mi store overrasking såg at produktutviklarane hadde valt å tilsette sjokoladen "et dryss havsalt". Noko som eg vil kalle ein graverande tabbe. Sjølv om saltet ikkje er så framtredande i smaken så dreg det ned totalopplevinga. Både "Japp" og "Smil" skal vere søtt og godt, og havsalt har ingenting i slike produkt å gjere. Og eg vil vel kalle dette ei slags degenerering av det sterke "Smil"-varemerket. Dette er ikkje ekte "Freia melkesjokolade - Smil". For ein slik sjokolade hadde ikkje inneholdt havsalt.

Når ein her kombinerar klassikarane "Freia melkesjokolade" og "Smil" så blir resultatet bra. Det er ein god sjokolade. Og utan "et dryss havsalt" hadde eg gitt den høgare karakter. Om sjokoladen etter ei tid skulle gå ut av marknaden så håpar eg at den kan relanserast ein gong seinare utan havsalt........"Nå med ny og bedre smak!".

#sjokolade #blogg #Freia #tabbe #helg

Nidar Påskeegg

 

Det var nok mange fleire enn meg som blei overraska då desse påskeegga frå Nidar dukka opp i Rema 1000-butikkane ei stund før påske. Rema 1000 har ei tid nekta å selje "Freia Påskeegg" om dei ikkje blir gjort frie for palmeolje. Noko produsenten, Mondelez, ikkje har vore interessert i. Så vidt eg har forstått har Rema 1000 då sendt inn ei bestilling på liknande påskeegg, utan palmeolje, hos Nidar. Og slike påskeegg har Nidar no greid å utvikle. Sjølv om dette i utgongspunktet er veldig like produkt er emballasjane såpass forskjellige at dei nok ikkje blir forveksla.

Dei som er faste kjøparar av "Freia Påskeegg" vil kanskje ikkje vere einige med meg, men eg synest at "Nidar Påskeegg" er eit lite hakk betre. Smaksmessig er det ikkje er så stor forskjel. Men konsistensen på produktet synest eg er betre og dei virkar ikkje fullt så "mektige" som "Freia Påskeegg". Ein kjenner ikkje seg fult så "stappa" etter eit par egg.

Dette produktet er altså berre til sals i Rema 1000-kjeden. Og det trur eg at Mondelez skal vere glad for. For om "Nidar Påskeegg" og hadde vore tilgjengeleg i dei andre kjedane, så hadde det nok gått betydeleg ut over salet av "Freia Påskeegg".

#sjokolade #blogg #Nidar #Freia #påskeegg #emballasje #helg

Dessertsjokolade (IV)

For litt sidan kjøpte eg denne Freia-eska på ein bruktmarknad. Den ser veldig gammal ut, men eg veit ikkje kor tid den er frå. Eg tippar at det kanskje kan vere forløparen til den flate eska med "Dessertsjokolade" som var på marknaden i lang tid i forskjellige utgåver. Eg trur den gjekk ut av produksjon i 2015. Eg har tidlegare her på bloggen vist fleire esker av den. Men den eska her er mykje mindre enn dei andre. Den er ca. 6,5 x 13 x 3,5 cm.

http://sjokoladeblogg1.blogg.no/1392938879_dessertsjokolade_iii.html

http://sjokoladeblogg1.blogg.no/1338928143_dessertsjokolade_ii.html

http://sjokoladeblogg1.blogg.no/1306538442_dessertsjokolade.html

#sjokolade #blogg #Freia #nostalgi #emballasje

Lakrisgutta - Salt lakris

For litt sidan kom Nidar ut med ein sjokolade med salt lakrisfyll som dei har valt å kalle "Lakrisgutta". Det som eg reagerte på då eg såg denne sjokoladeplata i butikken for første gong var det dårlege namnet. For dei som er glade i lakris er sikkert "Lakrisgutta" eit velkjent namn, men for meg var det ukjent. Det viste seg at "Lakrisgutta" er namnet på eit "lakrisfirma" som Orkla kjøpte opp i 2015. Orkla prøver vel kanskje her å utnytte den "goodwill-en" som namnet "Lakrisgutta" har hos lakriselskarar, men som sjokoladenamn synest eg at det blir for dumt.

Då forarginga over namnet hadde lagt seg, og eg skulle smake sjokoladen, blei eg vel positivt overraska. Eg synest at Nidar her har lykkast med å få til ein grei balanse mellom sjokoladen og lakrisfyllet. Sjølv om eg synest at det blir litt for salt. Om lakrisen hadde vore søt hadde ein nok kunne fått til ein betre harmoni mellom smakane. Konsistensen på fyllet synest eg er bra. Eg ser vel på dette først og fremst som eit produkt for dei som er glade i lakris. For det finst no mange betre sjokoladeplater i butikkhylla. Sjokoladeplata er på 155 gram og sjokoladen finst og i ein bar-variant på 42 gram.

#sjokolade #blogg #Nidar #lakris

Sjokobrun

Ein del har sikkert lagt merke til at Synnøve Finden no er ute med ein brunost med smak av sjokolade. Den er i avgrensa opplag og så vidt eg veit har dei og tidlegare prøvd seg med ein slik brunost-variant. Eg smakte den ikkje dengong, men her ein dag kjøpte eg meg eit stykke av den nye. Eg hadde ikkje så høge forventningar, men eg må vel seie at eg blei skuffa. Den luktar sjokolade, og smakar for så vidt sjokolade, men eg synest ikkje at den var noko særleg god. Det er litt vanskeleg å sette fingeren på kva eg ikkje likar ved den, men den er vel kanskje for lite søt. I alle fall i forhold til det eg hadde forventa. Konsistensen er eg heller ikkje heilt fornøgd med.

Om ein skal maule brunost, er vel kanskje denne varianten betre enn vanleg brunost. Sidan vanleg brunost er litt syrleg. Men på kjeks, vafler og liknande vil eg nok absolutt foretrekke vanleg brunost framfor denne.

#sjokolade #blogg #ost #mat

Smash! - APP APP APP!

"Smash! - APP APP APP!" er ein ny sjokolade som no er på marknaden. "Smash!" i barform har vore på marknaden før, så det blir vel eigentleg ei slags relansering. Den forrige varianten gjekk så vidt eg veit ut av marknaden i 2013. 2017-varianten inneheld i følgje Nidar ein mjukare sjokolade og meir "Smash!"-kjernar. Då eg først såg denne sjokoladen blei eg, som sikkert mange andre, forundra over namnet. Når Nidar ser seg nødt til å forklare meininga bak namnet på si eiga nettside er det nok eit teikn på at namnet ikkje er så godt. Meininga bak er at "app-app-app!" er det same som "fingrane av fatet!". Og er ein slags ironisk advarsel om at om du tar ein bit blir du hekta på produktet. Eg forstår konseptet, men eg vil vel ikkje seie at eg er så veldig begeistra for nament. Dei burde i alle fall ha skrive det med to bindestrek. Altså "APP-APP-APP!" i staden for "APPAPPAPP!" i raudt og blått. Å bruke fargeforskjel som erstatning for bindestrek eller mellomrom synest eg er ein uting. På Facebook-sida for "Smash!" har Nidar skrive " Smash! APP APP APP!", men det er no ikkje det som eigentleg står på emballasjen.

Smaken synest eg er god, og konsistensen er grei, men eg føretrekk nok vanleg "Smash!" framfor "Smash!" i barform.

#sjokolade #blogg #Nidar #helg #emballasje
 

Freia melkesjokolade - Salt lakris

Ein ny sjokolade som no er ute i eit avgrensa opplag er "Freia melkesjokolade - Salt lakris". Eg synest vel at tidspunktet for å putte denne sjokoladen på marknaden er litt dårleg sidan det ikkje er lenge sidan at ei Freia-plate med "Daim" og salt lakris var i sal. Og eg har vel same innvendinga mot denne som eg hadde mot den forrige. Det blir etter mi meining rett og slett for salt. Det blir liksom ein dårleg balanse mellom den søte sjokoladen og den salte lakrisen. Og når for eksempel ei vanleg plate med "Freia melkesjokolade" er mykje betre, så ser eg heller ikkje nokon grunn til å kjøpe denne salte lakris-varianten meir enn ein gong. Det at den kjem i eit avgrensa opplag signaliserar vel og litt at produsenten ikkje har så stor tru på sjokoladen sjølv. Men det kan no og ha litt med plassmangel i sjokoladehylla å gjere. Om ei ny sjokoladeplate skal "kapre" ein fast ein plass i hylla må ofte ei gammal ut. Så det er nok litt enklare med sjokoladar i avgrensa opplag, som går ut av seg sjølv etter ei tid og som ikkje krev noko permanent plassering.

#sjokolade #blogg #Freia #lakris

Toy (II)

Her har eg funne fram ein gammal tyggispakke frå samlinga mi av gammal Freia-emballasje. Dette er ein uopna pakke og som ein kan sjå av sida på emballasjen så inneheld den "plate-tyggegummi". Eg trur den kan vere frå slutten av 60-talet eller tidleg på 70-talet. Noko som eg synest er litt artig med pakken er det "våpenskjoldet" som er på høgrekanten på framsida. Dette er eit symbol som eg ikkje har sett på noko sjokoladeprodukt frå Freia. Eg såg ein gong ei gammal reklameannonse for denne tyggisen, der varianten som eg har var avbilda. Der kom det fram at den eksisterte i smakane frukt, spermint og sitron.

Denne gamle "Toy"-pakken kom eg over på ei bruktmesse. På same tidspunkt kjøpte eg og ein annan "Toy"-tyggis som eg har omtalt tidlegare.

http://sjokoladeblogg1.blogg.no/1445780192_toy.html

#sjokolade #blogg #Freia #nostalgi #emballasje #tyggis

Polly - Brente mandler

Jula er over, men eg vel å her ta med ein ny julesjokolade frå Nidar som fortsatt er i sal i ein del butikkar. Det er veldig lenge sidan eg har smakt brente mandlar, og eg har aldri synest at det høyrest noko særleg godt ut. Eg synest at "karamelliserte mandlar" høyrest mykje meir fristande ut enn "brente mandlar". 

Mandelsmaken er her ikkje noko særleg framtredande, og eg synest at den "harmonerar" godt med sjokoladen. Eg vil vel seie at smaken på "Polly - Brente mandler" er godt balansert. Eg kjem ikkje i noko spesiell julesteming når eg et den, men ser meir på den som ein bra heilårssjokolade. Og konsistensen synest eg er god.

Eg hadde ikkje så store forventningar til denne sjokoladen før eg smakte den, men eg blei positivt overraska. Og om Nidar hadde brukt sin nye mjølkesjokolade som basis, så hadde nok denne sjokoladen blitt endå betre. (For det som eg synest trekk litt ned er smaken på sjølve sjokoladen som er brukt i "Polly"-platene.)


#sjokolade #blogg #jul #Nidar #helg

Julevindauge (II)

Då eg var i Oslo på julehandel tok eg nokre bilder av julevindauga til Freia-butikken i Karl Johans gate. Dei støttar i juleutstillinga her opp om den "Freia sjokoladehus-kampanjen" som har pågått i ei tid. Å få folk til å erstatte pepperkakehus med sjokoladehus synest eg var ein god ide for ein reklamekampanje. Men ein ulempe er at desse sjokoladehusa blir ganske dyre om ein skal kjøpe sjokoladeplatene til fullpris. Ein treng vel minst 5 store sjokoladeplater for å få laga eit slikt hus. Men sidan det før jul har vore priskrig på store Freia-plater blant butikk-kjedane, så har no folk fått sjansen til å bygge seg rimlegare sjokoladehus.

#sjokolade #Freia #jul #blogg #utstilling #kampanje

Freia Snø-produkt

Mange av dykk har sikkert lagt merke til dei tre "Snø-produkta" som no er på marknaden. Eg hadde eigentleg tenkt til å her berre ta med "Freia Snøballer", men sidan dei på ein måte utgjer ein serie så tar eg og med "Freia Snøperler" og "Freia Snømann".

Eg må vel seie at eg blei litt overraska då eg såg "Freia Snøballer" i butikken for ei stund tilbake. Etter all bråket rundt "Freia Påskeegg" hadde eg ikkje venta at eit slikt produkt skulle dukke opp no før jul. For om ein set det litt på spissen så kan ein vel seie at det er "Freia Påskeegg" kamuflert som snøballar. Med ei anna form og ein litt mindre sjarmerande emballasje. Den indre emballasjen er her av plast i staden for eggekartong av papp. Ellers er vel smaken og mjølkekremfyllet det same. Det er fint at det følgjer med to plastskeier, for fyllet er så mektig at ein gjerne ikkje orkar å ete fire ballar eller egg på same tid åleine. Så det kan no vere eit greit "dele-produkt" for to.

Eg veit ikkje om "Freia Snøballer" er eit eingongsprodukt eller om det vil gå inn som eit fast sesongprodukt. Eg vil tippe at det at dette produktet er på marknaden vil gå litt ut over salet av "Freia Påskeegg". Spesielt i tilfeller der påska kjem tideleg. Sidan eg tidlegare har gitt "Freia Påskeegg" karakter 4 får eg vel gje det same til "Freia Snøballer". Men eg synest at det er eit unødvendig produkt. Og den einaste grunnen til at eg kjøpte det var at eg ville ha eit eksemplar av emballasjen i samlinga mi.

"Freia Snøperler" er såkalla drasjert sjokolade. Men i motsetnad til for eksempel "Nonstop" og "Walters Drasje" har ikkje dette produktet glatt overflate. Eg veit ikkje kva som er utanpå drasjeringa, men det kan minne litt om melis. Eg synest at "Freia Snøperler" liknar mykje meir på ekte snøballar enn "Freia Snøballer". Etter mi meining burde ein ha droppa lanseringa av "Freia Snøballer"-produktet og heller kalla "Freia Snøperler" for "Freia Snøballer". Noko som kan vere litt negativt er at ein får dette "pulveret" som er utanpå produktet på fingrane når ein et det. Men eg synest at smaken er god og at konsistensen er bra.

Når ein ser dette produktet i butikken kan det nok ved første augekast sjå ut som at det er ein marsipan-snømann med sjokoladetrekk. Og det hadde eg vel foretrukke at det var. Men dette er og sjokolade med mjølkekremfyll som i snøballane. Det er eit greitt produkt, men og eit produkt som eg absolutt ikkje har noko behove for å kjøpe igjen.



#sjokolade #blogg #Freia #jul #snømann #vinter

Freia melkesjokolade - Daim + salt lakris

For ei stund sidan kom det endå ei "Freia-plate" i eit avgrensa opplag på marknaden. Dei har her tatt plata "Freia melkesjokolade - Daim" og tilsatt salt lakris. Eg har inntrykk av at det ikkje er så mange forretningar som har tatt den inn, og det er nok størst sjanse for å finne den hos butikkar i Coop-kjeden.

Eg var litt skeptisk før eg smakte denne sjokoladen og eg vil vel seie at skepsisen min langt på veg blei innfridd. Konsistensen er grei, men eg synest rett og slett at lakrisen blir for salt. Om det hadde vore søt lakris kunne det kanskje ha fungert, men kombinasjonen dei her har brukt synest eg ikkje fungerar noko særleg bra. Det er ein brukbar sjokolade, men ikkje noko som eg sjølv ville ha kjøpt meir enn ein gong.



#sjokolade #Freia #blogg #helg

Domino

Denne gongen har eg funne fram ei pastill-eske som eg ikkje veit noko særleg om. Eg vil tippe at den kanskje kan vere frå tidleg på 80-talet. Eg veit ikkje kor tid pastillane "Domino" kom på marknaden, men eg har sett fleire gamle reklamefilmar for dei frå rundt 1950.

På framsida av eska står det "Domino - pastiller med menthol og malt virker behagelig, oppfriskende og rensende for munn og svelg". På baksida står teksten "Domino har en særdeles velgjørende og behagelig virkning. Den "klarer" halsen både for sangere, talere og røkere. Domino har en utmerket og mild smak som alle setter pris på.".

#sjokolade #blogg #Freia #nostalgi #emballasje

Sjokomais


"Sjokomais" er ein ny Freia-sjokolade som no er ute på marknaden i eit avgrensa opplag. Å kalle den ny er vel kanskje å ta litt hardt i. For det ser no ut til å vere ei "relansering" av sjokoladeplata "Salte jumbomais" som kom i 2013. "Salte jumbomais" var og ute i eit avgrensa opplag, så den var ikkje på marknaden så lenge. For dei som var glade i den sjokoladevarianten er nok årets "Sjokomais" eit gledeleg gjensyn. Eg vil tippe at den kanskje vil vere å få kjøpt fram til neste produktlanseringsrunde i februar. Sidan eg ikkje har samanlikna ingredienslista på emballasjane så kan eg ikkje garantere at desse sjokoladane er 100 % like. Men eg vil tru at dei i alle fall smaksmessig framstår som det same. Ei innvending som eg har når det gjeld desse sjokoladane er konsistensen. Det blir liksom for stor kontrast mellom hardt og mjukt. Eg trur den salte og sprø maisen hadde passa betre i sjokoladebarar enn i sjokoladeplater. Men eg synest vel og at mais ikkje akkurat er ein veldig god ingrediens i sjokolade.



#sjokolade #Freia #blogg

Mørk Kvikk lunsj

Det har no kome på marknaden ein "Kvikk lunsj" med mørk sjokolade. Sidan eg ikkje er så veldig glad i mørk sjokolade så hoppa eg vel ikkje akkurat av glede då eg såg denne varianten. Men eg reknar no med at den er litt "sunnare" enn vanleg "Kvikk lunsj". Som det står på emballasjane så inneheld ein vanleg "Kvikk lunsj" minst 30 prosent kakao, mens denne mørke varianten inneheld minst 44 prosent.

Smaksmessig kan den sjølvsagt ikkje måle seg med orginalen. Men eg har nok tru på at denne "Kvikk lunsj"-en kan halde seg lenger på marknaden enn den forrige blåbær-varianten. For det er no mange som er glade i mørk sjokolade. Om ein et den til kaffe eller kakao vil nok ikkje smaksforskjellen virke så stor som til mjølk. Og det er no gjerne kaffe og kakao folk har med seg på tur. Det blir ikkje noko nytt kjøp av denne sjokoladen for meg, men det er nok del turgåarar som vil kose seg med den.



#sjokolade #blogg #Freia #helg #tur

Sprinkle

Cloetta er no ute med to nye sjokoladar på den norske marknaden, "Sprinkle - Raspberry licorice" og "Sprinkle - Ice cream waffel".

Ein sjokolade med bringebær og lakris hadde eg aldri smakt før, så denne var eg litt spent på. Eg trudde vel ikkje at denne kombinasjonen skulle vere noko særleg god, men her blei eg positivt overraska. Kanskje grunnen til det er at bringebærsmaken i sjokoladen er såpass dominerande. Det er ikkje så mykje ein kjenner av lakrisen, men den ligg som ein dempa smak i bakgrunnen. Eg synest at Cloetta har funne fram til ein god balanse mellom smakane. Konsistensen er grei og smaksmessig har det blitt ein "frisk" sjokolade.

 


"Sprinkle - Ice cream waffel" var eg og litt spent på å smake. Men her var vel smaken litt meir som forventa. Eg synest at sjokoladen er god, men som "kjeks-sjokolade" rekk den ikkje heilt opp. Og det er vel ganske naturleg, sidan iskremkjeks ikkje akkurat er den beste type kjeks. Sjokoladen har og eit innslag av salt krokan, noko som passar bra saman med iskremkjeksen. Konsistensen synest eg er litt betre hos denne sjokoladen enn hos den andre.



#sjokolade #blogg #Cloetta #helg

Freia fløtekaramell

Her har eg funne fram ein boks frå samlinga mi som har innehalde "Freia fløtekaramell". Eg veit veldig lite om denne boksen, men eg reknar med at den er veldig gammal. Boksen er ganske fint dekorert, men mitt eksemplar har litt rustflekkar. Det er ingen teikn utanpå boksen på kva den inneheld. Det ser ein ikkje før ein opnar lokket. Så eg vil tippe at dette kan ha vore ein type butikk-emballasje. At boksen kanskje har stått open på ein disk, slik at folk kunne kjøpe karameller frå den i "lausvekt". Sidan det står "fløtekaramell" og ikkje "fløtekarameller" i lokket så kan det no og tenkast at det kanskje kan vore ein sjokoladetype. Det var no ein annan gammal Freia-sjokolade som heitte "Fløtenøtt".

#sjokolade #blogg #Freia #emballasje

Dumle Snacks - cola

Hausten er komen og det er i desse dagar tid for lanseringar av nye produkt innan matvarebransjen. Ein ny sjokolade som no er ute på marknaden er "Dumle Snacks - cola". Eg er vel av den oppfattning av at sjokolade og cola-smak ikkje passar så godt i lag. Men eg synest at Fazer her har greid å inntegrere cola-smaken i sjokoladebaren på ein grei måte. Dei har fått til ein bra balanse. Men å tilsette cola-smak går sjølvsagt utover den gode karamell-smaken som er i vanleg "Dumle Snacks". Sjokoladebaren er utforma som den vanlege varianten, med karamell-kjerne i midten og eit lag med mjølkesjokolade rundt. I sjokoladelaget på oppsida av sjokoladen er det små krispkuler. Konsistensen til "Dumle Snacks - cola" synest eg er veldig god. Men smaksmessig ser eg ingen grunn til å heller velje denne cola-varianten framfor orginalen. "Dumle Snacks - cola" er ein "limited edition"-sjokolade.


#sjokolade #blogg #helg #cola

Japp - Peanut butter

Ein sjokolade som ei stund har vore på marknaden er "Japp - Peanut butter". Eg har inntrykk av at det er få butikkar som har tatt den inn så det er vel kanskje ikkje så mange av dykk som har smakt den. Det har nok samanheng med at det er ein "limited edition"-variant. Altså ein sjokolade som berre blir seld i eit avgrensa opplag eller tidsrom. Men om du ikkje har smakt den har du vel etter mi meining heller ikkje gått glipp av så mykje. Det er ein god sjokolade, men på ein måte ein "unødvendig" sjokolade. Når ein har ein så god sjokolade som "Japp" så blir den ikkje noko betre av å tilsette peanøttsmør. Det vel typisk ein sjokolade som ein ville ha kjøpt 1 gong, for å smake den, for deretter å gå tilbake til orginalen. For orginalen er i dette tilfellet klart best.



#sjokolade #Freia #blogg

Freia-pins (II)

Under ei lita opprydning ein dag fann eg ein liten pins som eg hadde gløymt at eg hadde. Eg hugsar at eg kjøpte den for lenge sidan på ein av dei store bruktmarknadane som brukar å vere i Vikingskipet på Hamar. Dei er to gongar i året og er vanlegvis i april og oktober. Heile Vikingskipet er då fylt med standar som sel gamle ting og antikvitetar. Det er ein fin plass for samlarar. Eg veit ikkje kor tid denne reklamepinsen for "Twist" blei laga, men eg vil tru at det var på 90-talet. Teksten på pinsen er "Twist"-slagordet "En pose full av glede".

#sjokolade #Freia #Twist #pins #blogg #helg

Smørbukk Kuler

Nidar kom tidlegare i år ut med produkta "Smash! Kuler" og "Crispo Kuler". For eit par månadar sidan kom dei og ut med "Smørbukk" i kulevariant. Produktet består av kuler med "Smørbukk"-karamell dekka av mjølkesjokolade. Det som overraska meg med dette produktet var at kulene var mindre enn forventa. Ja, dei var vel etter mi meining litt for små. Og utifrå bildet på posen får ein og inntrykk av at dei skal vere større. Dette er vel eit greit produkt, men ikkje eit produkt som eg kjem til å sakne om det går ut igjen av marknaden. Eg føretrekk nok vanlege "Smørbukk"-karameller framfor denne varianten.

#sjokolade #karamell #Nidar #blogg

Plopp

Cloetta har nyleg kome med tre variantar av sjokoladen "Plopp" på den norske marknaden. Den med toffeefyll har vore på den svenske marknaden lenge, men den med kaktus- og pærefyll og den med rabarbrafyll er ny. "Plopp" blei lansert i Sverige i 1949.

At det skulle kome ein sjokolade med kaktus- og pærefyll var veldig overraskande. Og eg var ganske spent på korleis den ville vere. Eg var nok i utgangspunktet litt skeptisk, men blei positivt overraska. Den var frisk på smak og sjølv om kombinasjonen mellom fyll og sjokolade var veldig uvant så passa dei på ein måte greit i lag. Fyllet blei kanskje litt for dominerande i forhald til sjokoladen, men smaken synest eg var bra. Og konsistensen var god. Eg trur smaken på fyllet hadde passa godt som iskrem.

"Plopp" med rabarbrafyll var eg og spent på å smake. Men det blei ein liten nedtur. Fyllet var litt syrleg på smak, men ikkje noko særleg godt. Og etter mi meining passar ikkje rabarbra og sjokolade i lag. Det var eit greit eksperiment, men sjokoladen burde nok ha vore stoppa på utviklingsstadiet. Dei får sjøvsagt seld ein del av den, fordi folk vil prøve noko nytt, men eg trur ikkje at det blir så mykje gjenkjøp. Men det var no eit orginalt forsøk.

Den gamle varianten med toffeefyll er etter mi meining den beste av dei tre sjokoladane. Den liknar litt på Cloetta-sjokoladen "Center", men er ikkje fult så god. Eg synest at smaken er bra, men at den verkar litt meir "kunstig" enn hos "Center". Som dei to andre er denne "Plopp"-sjokoladen på 50 gram og består av seks samanhengande mjølkesjokoladeruter med fyll i.

#sjokolade #Cloetta #blogg #fyll

Freia-sennep

Her har eg funne fram noko som sikkert mange av dykk ikkje har høyrt om før. Ein sennep produsert av Freia. Eg har aldri smakt den sjølv og eg veit heller ikkje kor tid den gjekk ut av produksjon. Men det er nok mange år sidan. Dette sennepsglaset er berre 6 cm høgt og har ein diameter på 4,5 cm. Så det er ikkje så mykje sennep det har plass til. Det kan no tenkast at det har eksistert i fleire storleikar, men eg har i alla fall berre sett dette vesle glaset.

#Freia #sennep #nostalgi #sjokolade #blogg

New energy

"New energy" kom på marknaden i 1991 og blei ifølgje Nidar utvikla i samarbeid med Norges idrettshøyskole. Eg hugsar sjølv at denne sjokoladen skilde seg ut i sjokoladehylla og blei vel på den tid rekna som den "sunne" sjokoladebaren. Dette var no før den store treningsbølgja og alle energibarane som har kome i ettertid. Det er vel ofte slik at dess betre eit sjokoladeprodukt er på smak, dess meir usunt er det og. Noko som sjølvsagt kan vere irriterande.

"New energy" er vel ein sjokolade som eg likar betre i dag enn når den først kom på marknaden. Sjokoladebaren består av karamell og trøffel med krisp dekka av mjølkesjokolade. Laget med korna karamell er nederst og trøffel-laget med krisp på toppen. Både smaken og konsistensen synest eg er bra.



 

I 2014 kom det ein ny "New energy"-variant. Den har vel eigentleg ikkje noko med orginalen å gjere, men har blitt lansert under same varemerke. "New energy - Nøttebar" synest eg er eit passande namn på denne sjokoladen. For her er det lite sjokolade og mykje nøtter. Dette er cashewnøtter og hasselnøtter blanda med mjuk karamell, og med eit tynt mjølkesjokoladetrekk rundt. Sjølv om eg er glad i både nøtter og karamell så synest eg at nøttefyllet her blir for dominerande. Dette er vel ein typsik sjokolade som eg kjøper berre ein gong. Smaksmessig er den ikkje god nok til noko gjenkjøp frå meg.



 

Ein ny variant som nettopp har kome på marknaden er "New energy - Müslibar". Dette er havregranola, tranebær, crisp og karamell dekka av mjølkesjokolade. Eg kan vel ikkje seie at eg er så veldig begeistra for den. I likeheit med "New energy - Nøttebar" smakar den heller ikkje så mykje sjokolade. Fyllet blir for dominerande. Det er kanskje berre eg som ikkje er vand med å ete tranebær, men eg synest og at smaken blir litt "kunstig". Konsistensen er for så vidt grei, men kunne vore betre. Sjølv om eg har latt begge dei nye variantane hamne på same karakter foretrekk eg nok "New enegy - Nøttebar" framfor "New energy - Müslibar".


#sjokolade #blogg #Nidar #helg

Dark mint

For eit par månadar sidan kom Nidar ut med eit nytt sjokoladetopp-produkt på marknaden. Dei fleste kjenner vel igjen både type emballasje og form på produktet frå klassikaren "Kremtopper". Det nye produktet er sjokoladetoppar av mørk sjokolade med mintfyll. Det mest nærliggande å samanlikne det med smaksmessig er vel "After eight". Som og har denne kombinasjonen. Sjølv om det ikkje er mykje som skiljer dei smaksmessig foretrekk eg nok "After eight" framfor "Dark mint". Og det har nok litt med forma på produktet å gjere. Blandingsforhaldet mellom mintfyll og sjokolade synest eg er betre hos "After eight".

Emballasjen til "Dark mint" synest eg blir litt "stusseleg" og for lite fristande. Den fornyinga av designet til "Kremtopper" og "Mokkabønner" som Nidar hadde for ein del år sidan synest eg var veldig vellykka. Og utforminga av "Dark mint" synest eg burde ha stått litt meir i stil med dei to andre eskene. Eg synest vel og at Nidar burde ha funne eit betre namn enn "Dark mint" på produktet.

#sjokolade #Nidar #blogg #emballasje

Freia-magnetar

Frå samlinga mi denne gongen har eg funne fram to kjøleskåpmagnetar. Det er vel nesten unødvendig å seie at dei er av Ludvig og Solan frå Kjell Aukrust sitt Flåklypa-univers. Dette er no kjende og kjære karakterar som dei fleste kjenner til. Eg har tidlegare her på bloggen og vist ein Flåklypa "Kvikk lunsj"-boks og eit sett med Flåklypa OL-pins. Eg reknar med at desse magnetane og kom ut i tidspunktet rundt OL på Lillehammer.

#sjokolade #Freia #nostalgi #blogg

Freia melkesjokolade - Bærfrisk

Ein annan ny sjokolade som nettopp har kome på marknaden er "Freia melkesjokolade - Bærfrisk". Dette er mjølkesjokolade med "Skogsbær, yoghurt og kansende granola". Så vidt eg veit har ikkje granola nokon gitte ingrediensar men ein kan vel kalle det ei slags rista frokostblanding. Eg har tidlegare skrive her på bloggen at eg ikkje synest at blåbær og sjokolade passar så godt i lag. Men i denne sjokoladen synest eg at dei har fått dei til å passe bra inn. Sjokoladen, skogsbæra og yoghurten dannar ein fin balanse mellom søtt og syrleg. Eg hadde ikkje så høge forventningar til denne sjokoladen, men vi kan vel seie at eg blei positivt overraska. Granolaen synest eg bidrar til ein bra konsistens.


#sjokolade #Freia #helg #blogg

Nidar melkesjokolade

Plater med "Nidar melkesjokolade" er no på veg ut i butikkane. Dette er ein ny sjokolade som Nidar har brukt nesten to år på å utvikle. Deira forrige forsøk med ei rein sjokoldeplate kan vel ikkje seiast å vere så veldig vellykka. Nye "Bergene melk" var på marknaden frå 2009-2014. Og eg er ikkje så overraska over at den gjekk ut av marknaden. Etter mi meining var den rett og slett ikkje god nok på smak.

Den nye sjokoladeplata er inndelt i 8x3 ruter og på rutene er det enten ein Nidar-logo eller eit stilisert bilde av sjokoladefabrikken. Rutene er svakt krumma på oversida og sjokoladeplata er på 180 gram. Emballasjen synest eg er grei, men eg ville nok ha valt ein annan farge enn mørkebrun på endane. Emballasjen gjev ein liten "Willy Wonka-følelse" på grunn av utforminga og lillafargen på bokstavane i kombinasjon med det fabrikk-bildet som er oppe til høgre. At Nidar i tillegg har skrive på emballasjen "EN BIT MAGI fra Nidar Sjokoladefabrikk" gjer meg ganske sikker på at "Willy Wonka"-referansen er gjort bevisst.

Eg synest at produktutviklarane hos Nidar har gjort ein bra jobb og at dette har blitt ein god mjølkesjokolade. Og eg trur nok at denne sjokoladen kan vere basis for mange andre gode Nidar-sjokoladar i framtida.

"Nidar melkesjokolade" kjem og i sjokoladerull-form.

#sjokolade #Nidar #emballasje #blogg
 

Buste-Per

Sist helg var eg ein tur på Norsk folkemuseum der eg blant anna var innom ein gammal, rekonstruert kiosk.

I disken var det mykje gamle godsaker. Den øvste delen av disken inneheld nok ikkje ekte sjokoladar, men reproduserte utstillingsmodellar.

Ein av sjokoladane som var utstilt er ein som heiter "Buste-Per". Dette er ein gammal Freia-sjokolade som eg ikkje har høyrt om før. Og eg synest at den har ein litt artig og spesiell emballasje. Den må vel seiast å vere litt grotesk.

#sjokolade #Freia #blogg #nostalgi

Smarties - mini eggs


"Smarties - mini eggs" er eit nytt produkt frå Nestle og som det går fram av namnet så er dette "Smarties" forma som små egg. Sjokoladeegg er no gjerne knytta til påske, men utifrå enballasjen så er det ikkje noko som signaliserar at dette berre er tenkt som eit sesongprodukt. Og det er nok lurt, sidan påskesesongen ikkje er så lang. (Spesielt i dei åra påska kjem tideleg.)

Smaksmessig skiljer ikkje desse sjokoladeegga seg noko særleg frå vanleg "Smarties". Men eg synest at ein kjenner smakane av drasjeringa litt betre. Konsistensen blir på ein måte og litt annleis sidan dei har større sjokoladekjerne og tjukkare drasjering.

I posen som eg kjøpte var det 30 "Smarties"-egg. Noko som eg synest er litt dumt er at talet på kvar farge varierte veldig. I min pose var det 11 gule, 5 oransje, 4 lilla, 3 rosa, 3 grøne, 2 raude og 2 blå. I vanleg "Smarties" er det og ein brun variant, men den var ikkje i posen. Eg foretrekk nok vanleg "Smarties" framfor dette produktet.

 

 #sjokolade #Nestle #blogg #helg

Kuleposane til Nidar


Eg startar året med to produkt som kom på marknaden i fjerde kvartal i fjor. "Smash! Kuler" og "Crispo Kuler" er det nok mange av dykk som har smakt. Og både "Smash!" og "Crispo" er gamle og godt etablerte varemerker. Eg har vel inntrykk av at dei norske sjokoladeprodusentane gjerne satsar på nye variantar av veletablerte merker i staden for å prøve å bygge opp heilt nye. Frå eit økonomisk perspektiv er det no forståleg, men eg synest og at det er litt synd.

 "Smash! Kuler" var vel som forventa, mens "Crispo Kuler" var overraskande store. Eg synest begge produkta er gode på smak og har grei konsistens. Men crisp-kjernen i "Crispo Kuler" synest eg blir for stor. Av desse posane er det vel "Crispo"-posen som mest framstår som eit nytt produkt sidan "Crispo" tidlegare berre har vore i plateform. (Om ein ser bort frå kjeksa.)

"Smash!"-posen inneheld 70 gram og "Crispo"-posen 80 gram. Noko som eg synest er negativt med "Smash!"-posen er at kiloprisen er mykje høgare enn hos vanleg "Smash!". Og sidan smaksopplevinga er veldig lik synest eg at ein her rett og slett ikkje får "valuta for pengane". Skilnaden i kilopris blir for stor sidan produkta er så like.

#sjokolade #blogg #Smash! #Crispo #Nidar

Julevindauge

Eg har dessverre ikkje hatt så mykje tid til å fokusere på bloggen min i det siste. Eg håpar og trur at det vil bli eit litt meir aktivt bloggår i 2016. Då eg var ein tru til Oslo for nokre dagar sidan gjekk eg forbi Freia-butikken i Karl Johans gate. Eg tok då nokre bilder av dei to julevindauga deira som eg her gjerne vil vise dykk. God jul!



#sjokolade #Freia #Jul #helg #utstilling #dekorasjon

Freia-skrin


Eg var litt i tvil om kva eg skulle velje som overskrift på dette innlegget. Grunnen til det er at eg er litt usikker på kva dette "Freia-skrinet" har blitt brukt til. Om eg skal tippe vil eg tru at det kanskje kan ha blitt brukt som matboks. Eg tvilar vel på at det har blitt brukt som vanleg emballsje på noko produkt. Det er inga skrift på skrinet bortsett frå at det står "A/S FREIA CHOCOLADE FABRIK - OSLO" nederst på framsida og baksida. Inne i skrinet er det fire lause "metallbrett" (2,5 cm høge) som er stabla oppå kvarandre slik at det dannar fire etasjar. Det passar bra med eit par brødskiver i kvar etasje. Bortsett frå dette skrinet, som eg fikk kjøpt på ein bruktmarknad for ei tid tilbake, så har eg ikkje sett så mange av denne typen. Det skrinet eg har vil eg seie er i ganske bra stand. Fargen er ikkje så slitt. Skrinet er ca.15 x 22 x 12 cm og eg vil tippe at det kan vere frå 50- eller 60-talet. Ein tanke som har slått meg er at denne type skrin kanskje kan ha blitt brukt som matboks av arbeidarane på sjokoladefabrikken. Men det blir no berre spekulasjonar frå mi side. Om det er nokon som kjenner til kva dette skrinet har blitt brukt til så hadde det no vore artig å få vite det.

#sjokolade #blogg #Freia #nostalgi #mat

Smarties - sjokoladeplate


Eg er vel ein av dei som synest at sjokoladelinsene "Smarties" er betre enn "Non Stop". "Smarties" inneheld lys sjokolade, mens det i "Non Stop" er mørk sjokolade. (Om ein ser bort frå den "Non Stop"-varianten med mjølkesjokolade som kom i 2004)

"Smarties" har blitt produsert av det sveitsiske selskapet Nestle sidan 1993. Men det var den engelske sjokoladeprodusenten Rowntree som slapp produktet på marknaden i 1937. Rowntree blei kjøpt opp av Nestle i 1988.

Det at "Smarties" no har kome i sjokoladeplateform (100 gram) synest eg passar bra. Eg synest at smaken er god og at konsistensen er grei. Det eg er litt spent på er kor lenge denne sjokoladeplata vil greie å halde seg på den norske marknaden. Sjølv om den er god, så konkkurerar den no mot mange gode, norskproduserte sjokoladeplater. Og det er "trangt" i sjokoladehylla. Sjølv om eg likte denne sjokoladen godt så kjem eg nok ikkje til å kjøpe den igjen. Sidan det er mange andre sjokoladeplater på maknaden som eg heller foretrekker.

#sjokolade #Nestle #blogg #helg

Toy


"Ta det rolig. Tygg Toy." Ja, det er vel ein del som hugsar det gamle "Toy"-slagordet. Så vidt eg veit var "Toy"-tyggegummien opprinneleg svensk og kom inn på den norske markanaden i 1934. Og den gjekk vel ut av marknaden i 1998. Det som gjorde at "Toy" gjekk ut var vel at eigaren, som då var Freia, "bomma" på marknaden. Dei forutsåg ikkje at sukkerfri tyggegummi skulle bli så populært og fortsatte med sin "Toy" med sukker. I dag er det vel stort sett berre sukkerfrie tyggegummiar som blir selde i Norge. Det kom ein sukkerfri "Toy"-variant, i eit avgrensa opplag, til "Toy" sitt 70-årsjubileum rundt 2005. Den noværande eigaren av varemerket trur eg er Cloetta.

Den tyggegummien som her er avbilda kjøpte eg på ei bruktmesse for eit par veker sidan. Det er sjeldan at ein kjem over slike uopna, gamle tyggegummipakkar. (Som har gått ut av produksjon for lenge sidan.) Eg trur at denne pakken kanskje kan vere frå tidleg på 70-talet. Den raude stripa til høgre og den svarte prislappen er ein del av plasten som er utanpå emballasjen. Den påtrykte prisen er på kr. 1,25. "Toy" var på marknaden med både flate tyggegummi-esker som denne (ca. 5 x 12 cm), og vanlege tyggegummipakkar.

#Freia #nostalgi #emballasje #blogg #helg

Raider

Dei fleste kjenner vel til sjokoladen "Twix". Eg er litt usikker på kva den orginalt heitte i USA då den kom på marknaden i 1979 (sannsynlegvis "Twix"), men i Europa heitte den i alle fall tidlegare "Raider". Så vidt eg veit skifta sjokoladen i ein del europeiske land namn til "Twix" i 1991 mens den i Norge, Sverige, Danmark og Finland skifta namn i år 2000. Sjølv om eg meiner at "Twix" er eit mykje betre sjokoladenamn enn "Raider" synest eg at det er litt artig at den no er ute i ein avgrensa retro-variant.

#sjokolade #blogg #nostalgi #emballasje

Minde sjokoladeplater (II)

Eg har lenge håpa at Minde (Brynild) igjen skal satse på sjokoladeplater. Og no er endeleg to variantar ute på marknaden. Sist dei prøvde seg var vel med dei tre firkant-platene som ein del av dykk sikkert hugsar. Dei forsvann frå marknaden ganske fort så det var vel ikkje nokon stor suksess. Men det trur eg hovudsakeleg skuldast formatet og emballasjen. (Emballasjen på dei var etter mi meining verken fin eller fristande.)

Denne sjokoladeplata kombinerar Minde sin mjølkesjokolade med nøtteblandinga "Spesial" frå Den lille nøttefabrikken. Dette har dei og gjort ein gong før i produktet "Nøttekos - Spesial", som fortsatt er på marknaden. Så vidt eg veit har det produktet nyleg fått ny (blå i staden for brun) emballasje og blir no kalla "Spesial - Nøttekos". Men det er heile nøtter med sjokoladetrekk og ikkje opphakka nøtter som i denne sjokoladeplata. I nøtteblandinga "Spesial" er det macadamianøtter, mandler, cashewnøtter og peanøtter. Det som får meg til å stusse litt er at det på emballasjen til "Spesial"-sjokoladeplata står "Sjokolade med salte mandler, macadamia & cashewnøtter". Dei ser altså ut til å ha utelatt peanøttene. Og det meiner eg vel er litt "juks" når liksom konseptet er at den er basert på "Spesial"-nøtteblandinga. (Det står ikkje det konkret på emballasjen, men dei brukar no same logoen.)

Eg synest at denne sjokoladeplata er god på smak. Og den kombinasjonen av nøtter som dei har brukt passar bra i lag med sjokoladen.



Minde sin ris-sjokolade har vore på marknaden fleire gongar før i forskjellige variantar. Sist gong var vel i ei av firkant-platene som dei då kalla "Sjokoris". Og mange kjenner den nok frå Minde sine posar med "Risbrød". Puffa ris er vel ikkje akkurat ein av favorittingrediensane mine når det gjeld sjokolade. Men eg synest at denne sjokoladen er bra. Og det som gjer at eg synest den er bra er vel at Minde har såpass god mjølkesjokolade. Og den er eit godt utgongspunkt for å lage mange gode sjokoladeplater.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Noko som eg eg synest er litt dumt med dei to sjokoladeplatene som dei no har lansert er at dei berre er på 150 gram. Det synest eg er litt knapt, og eit absolutt minimum for store sjokoladeplater. Sjokoladeplatene her synest eg blir litt for tynne og emballasjen litt for stor. Men det er vel gjerne "enklare" for produsentane å redusere vekta på sjokoladane i staden for å auke prisen. Inntrykket mitt er vel at det er Nidar som har leia ann i vektreduksjonen på store sjokoladeplater.

#sjokolade #Minde #blogg #helg

Kvikk lunsj - Blåbær

Ein del har sikkert lagt merke til at "Kvikk lunsj" med blåbærsmak no er tilbake. Dette er ein variant som har vore på marknaden ein gong før, og så vidt eg veit var det for ca. 15 år sidan. Sidan "Kvikk lunsj" er den store "tursjokoladen" så kan det nok verke naturleg å kombinere den med blåbær. Sidan blåbær er å finne ute i naturen. Men etter mi meining så passar ikkje blåbær og sjokolade så godt i lag.

Ein har no tidlegare og prøvd seg med ein "Kvikk lunsj" med appelsinsmak. Noko som og kanskje kan verke naturleg sidan ein gjerne har med seg appelsin på tur. Men appelsin og sjokolade er etter mi meining heller ikkje ein god kombinasjon. (Altså sjokolade med appelsinsmak.)  Noko som eg trur kunne ha blitt bra er ein "Kvikk lunsj" med jordbærsmak. Men det passar vel ikkje heilt inn i turkonseptet. Om ein då ikkje avbilder villjordbær på emballasjen. Tyttebær-"Kvikk lunsj" er forhåpentlegvis utelukka.

 

#sjokolade #Freia #tur #niste #natur #friluftsliv

Twist (VII)

Her har eg funne fram ein litt spesiell "Twist"-boks. Den har engelsk tekst på framsida og eg vil tru at den kanskje kan ha vore til sals i "taxfree"-utsal på flyplassar eller liknande. Den ser i alle fall ut til å ha vore mynta på ein internasjonal marknad. På framsida står tekstane "Travellers box" og "A selection of superior quality chocolates & toffees". Rundt boksen på sida står teksten "Fylt sjokolade og karameller" på forskjellige språk. Noko anna som og er spesielt med boksen er at den er større i både volum og innhald enn dagens "Twist"-boksar. Den vanlege "Twist"-boksen i dag inneheld 400 gram, mens denne boksen har innehalde 1 kg "Twist". Eg vil tippe at den kanskje kan vere frå tidleg på 90-talet. Diameteren på boksen er 23 cm, mens høgda er ca. 9,5 cm.

#sjokolade #Freia #Twist #nostalgi #emballasje

Mørk Firkløver


Ein ny sjokolade som no er på veg ut i butikkane er "Firkløver" med mørk sjokolade. Det første eg reagerte på då eg såg denne sjokoladen var nettopp det at dei hadde kalla den for "Firkløver". Sjølv om den inneheld hakka hasselnøtter, som orginalen, så er det etter mi meining ingen "Firkløver" utan at den er av lys sjokolade. Men det er no klart at det er mykje enklare å selje denne sjokoladen under det veletablerte varemerke "Firkløver". At denne sjokoladen kjem i eit avgrensa opplag er vel like greit. For den er no på ein måte med på å devaluere varemeket.

Når det gjeld smaken av denne sjokoladen så må eg vel seie at den var betre enn eg hadde forventa. For å vere mørk sjokolade så er den ganske "rund" på smak. Og hasselnøttene er og med på å gjere den betre ved å "dempe" den mørke sjokoladesmaken. Så for meg som ikkje er så veldig glad i mørk sjokolade så hadde eg ingen problem med å ete opp denne sjokoladeplata. Men noko som eg ikkje likar ved den er "ettersmaken", som etter mi meining ikkje er god.

På baksida av emballasjen står det at den inneheld minst 46 prosent kakao. Vanlig "Freia Melkesjokolade" inneheld minst 30 prosent, mens "Freia Dronning-sjokolade" inneheld ca. 44 prosent. Dei som er glade i mørk sjokolade trur eg vil like denne sjokoladeplata veldig godt.



#sjokolade #Freia #blogg

Stratos - Melky

Nidar har no kome med ein ny "Stratos"-variant i barform. "Stratos Melky" er Stratos fylt med mjølkekrem og består av 6 samanhengande "bobler" med fyll. Den nærmaste sjokoladen på den norske marknaden i dag er vel kanskje Freia sin "Melkebart"-rull, som og inneheld mjølkefyll. Eg har vel nemnd det tidlegare, men eg trur at det er ingen (eller i alle fall få) ingrediensar eller fyll som kan gjere ein "Stratos"-sjokolade betre bortsett frå karamell-fyll. Og heller ikkje dette mjølkefyllet trekk "Stratos"-sjokoladen opp i smak. Så sjølv om eg synest at sjokoladen er god, så vil eg nok foretrekke "Stratos" utan mjølkefyll. Konsistensen er for såvidt grei, men eg synest at det blir litt for mykje mjølkefyll på toppen av sjokoladen. Eg hadde nok foretrukke "Stratos"-sjokolade rundt heile i staden for berre eit tynt sjokoladetrekk på toppen av fyllet. Men det er vel kanskje vanskeleg å få til produksjonsmessig.


 
#sjokolade #Nidar #Stratos #blogg #helg

Snickers - Intense choc & Hazelnut

Det har i ei stund vore to "limitid edition"-variantar av "Snickers" på marknaden. Eg reknar med at dei snart er på veg ut igjen men eg tenkte at eg skulle ta dei med. Eg har inntrykk av at det ikkje er så mange kjedar som har tatt dei inn så det er nok ikkje alle som har sett dei i butikken. Om du ikkje har fått dei med deg har du vel etter mi meining heller ikkje gått glipp av så mykje.

Eg synest først at namnet "Intense choc" var litt teit. Men etter å ha tatt av emballasjen så fikk eg meg vel eit lite "sjokk". Dei har her laga ein "Snickers" med mørkt sjokoladetrekk. Då er det vel kanskje ikkje så rart at den er i begrensa opplag. Noko storseljar trur eg ikkje at denne har potensial til å bli. Nokon vil kanskje protestere, men "Snickers" med mørk sjokolade er ikkje så godt som med lys. Den er nok litt mindre usunn, men når det gjeld smak kan den ikkje måle seg med orginalen. Den er god inni, men det mørke sjokoladetrekket trekk ned totalsmaken.



Denne sjokoladen liknar meir på vanleg "Snickers" enn "Intense choc". Ein kjenner at dei har tilsett hasselnøtter, men innslaget er ikkje så stort. Og tilsetting av hasselnøtter gjer ikkje "Snickers"-en betre. Det trekk heller ned smaken. Men eg likar likevel denne sjokoladen betre enn "Intense shoc"-varianten.


#sjokolade

Jule-emballasje

Det er lenge til jul, men eg tenkte at eg her ville vise dykk ein Freia-emballasje som eg reknar med er ganske sjeldan. Eg kjøpte denne eska for ei stund sidan på ein stor bruktmarknad. Slik eg forsto det så hadde seljaren fått tak i den frå ein pensjonert landhandlar. Og at emballasjen hadde vore brukt til "julegåver" frå Freia til sine bedriftskundar. Og sidan dei då nok ikkje har blitt brukt på den vanlege marknaden så vil eg tru at det ikkje er så mange av dei som har blitt tatt vare på.

Inne i eska låg det eit lite Freia-"gullmerke". (5 cm i diameter.) Men eg veit ikkje om dette er noko som har høyrt til pakken. Det kan no tenkast at det kanskje har høyrt til eitt av produkta som var inne i eska. Men det er no ikkje sikkert at det har vore på eit sjokoladeprodukt. Eg reknar med at denne "bedriftsjulegåva" har innehalde forskjellige typar Freia-produkt.

Eska er ca. 23 x 29 x 9 cm. På lokket fortset dekoren på sidene. Baksida og veggane på innerdelen er raude. Eg veit ikkje kor gammal den er, men utifrå stilen på eska så vil eg tippe at den kan vere frå 50- eller 60-talet.

#sjokolade #Freia #nostalgi #emballasje

Japp - All nuts

Ein ny "limited edition"-variant av "Japp" har no kome på marknaden. Som eg tidlegare har nemnd fleire gongar så er eg litt imot slike sjokoladar som blir utgitt i avgrensa opplag. Det er vel ikkje så lenge til den er ute av marknaden igjen. Men det er no litt kjekt å smake ny sjokoladar. Det som ikkje er kjekt er om ein likar sjokoladen veldig godt og den forsvinn ut av marknaden etter forhaldsvis kort tid.

Den orginale "Japp"-en likar eg veldig godt. Og eg var sikker på at å tilsette nøtter ikkje ville gjere den betre. Og det har den heller ikkje blitt. Men den er etter mi meining slettes ikkje så verst. Den mest nærliggande sjokoladen å samanlikne den med er vel "Snickers". Og etter mi meining så er "Japp - All nuts" betre enn "Snickers". Det er vel ikkje alle "Snickers"-tilhengarar som vil vere einig i det, men eg synest i alle fall at denne sjokoladen er eit hakk betre. Grunnen til at eg likar denne sjokoladen betre enn "Snickers" fann eg på emballasjen. For dette er "melkesjokolade fylt med karamelliserte, salte mandler og røstede peanøtter i sjokolademarengs og karamell". Den inneheld altså både mandlar og peanøtter. Og peanøttsmaken er mindre dominerande i denne sjokoladen enn hos "Snickers". Noko som eg synest er bra.

Tidlegare innlegg om "Japp".

#sjokolade #Freia #nøtter #blogg #smak

 

Smoothie

Ein del har sikkert lagt merke til dei to nye Freia sjokoladerullane som nyleg har dukka opp på marknaden. Eg synest at dei har fått eit dårleg namn, men at emballasjane ser fristande ut. Den eine varianten har "mango og banan"-fyll og den andre varianten har "pasjonsfrukt og jordbær"-fyll. Sjokoladebitane har same form som "Smil".

Eg vil vel seie at eg blei skuffa då eg tok den første biten av denne sjokoladerullen. Den hadde nok vore god om det berre var bananfyll. Men for meg trakk i alle fall mango-smaken ned smaksopplevinga. Eg er veldig glad i "mango og banan" når det gjeld yoghurt, men sjokolade og mango ser ut til å fungere dårleg i lag. Det er i alle fall mitt inntrykk etter å ha smakt denne sjokoladen. Den hadde blitt klart betre utan mangoen. Konsistensen på fyllet synest eg var akkurat passeleg.

 

Eg var litt meir optimistisk då eg tok den første sjokoladebiten av denne rullen. Eg rekna med at den skulle vere betre enn den andre varianten og det var den. Men for meg var det her og noko som "skurra" i smaken. Og det var pasjonsfrukta. På same måte som mangoen så er den her med på å trekke ned smaken. Eg trur dette fyllet kunne ha fungert fint i ein "Twist"-bit, men i ein sjokoladerull som dette burde dei heller ha satsa på eit reint jordbærfyll. Det hadde nok blitt betre. Og til liks med den andre varianten så synest eg fyllet har ein god konsistens.



#sjokolade #Freia #blogg #emballasje #varemerke

Hobby Cola


Eg har tidlegare her på bloggen etterlyst ein ny "Hobby"-variant og no har Nidar endeleg kome med ein. Eg blei litt overraska over at dei har valt å satse på cola-smak, men det er no litt spennande. Nidar har tidlegare hatt variantane "Hobby Bringebær" og "Hobby Tuttifrutti", men det er no over 20 år sidan dei har prøvd seg med ein ny variant.

Eg likar vanleg "Hobby" veldig godt og synest at det var litt rart å smake ein med cola-smak. Den kjem ikkje opp mot orginalen og for meg blei vel smaken litt for "kunstig". Men eg likte konsistensen på gele-laget betre hos "Hobby Cola" enn hos vanleg "Hobby". Når eg kjøper ein vanleg ""Hobby" brukar gele-laget å vere veldig kornete. Eg litt usikker på om den er slik når den kjem rett frå fabrikken eller om gele-en kornar seg når den har blitt lagra ei stund. Den ferske "Hobby Cola"-en som eg no nettopp har testa er i alle fall den "Hobby"-en med minst kornete gele eg nokon gong har smakt.

Eg trur vel ikkje at "Hobby Cola" er komen for å bli. Men den vil nok greie seg ei stund. For at ein ny "Hobby" skal ha sjansen til å etablere seg "permanent" trur eg Nidar bør satse på ein med jordbærgele. Den orginale med banansmak, og ein variant med jordbærsmak, trur eg kan leve godt side om side.

 http://bloggfiler.no/sjokoladeblogg1.blogg.no/images/1017853-11-1413053860826.jpg

#sjokolade #Nidar #hobby #blogg

Sjokoladepapir

 

Her har eg funne fram to gamle sjokoladepapir som det kanskje er ein del av dykk som hugsar. Det står ikkje stempla på noko haldbarheitsdato på baksida, men eg reknar med at emballasjen er frå 80-talet. Den som kosta 5 kroner er på 60 gram og den til 2 kroner står det ikkje vekt på. Å gje ut ein sjokolade i dag utan verken vekt eller haldbarheitsdato på er vel ganske utenkeleg.

#sjokolade #Freia #nostalgi #eballasje

Ny Stratos

For nokre dagar sidan var det offesiell lansering av den nye "Stratos"-varianten, "Stratos Krønsj". Det er ikkje alle butikkar som har fått den inn enno, men den er nok snart på plass. Det kjem vel ikkje som noko stor overrasking at "Stratos Krønsj" er "Stratos" med krisp-kuler i. Eit "problem" med "Stratos" er etter mi meining at om ein tilset ein ekstra ingrediens så blir det gjerne ikkje like godt som orginalen. Og heller ikkje i dette tilfelle. Krispen påverkar her ikkje så mykje smaken, men gjer at kosistensen etter mi meining blir for sprø. Den einaste ingrediensen som eg trur kunne ha gjort ein ny "Stratos" betre enn orginalen er karamell. Og varianten "Stratos Dobbel" synest eg var bra. (Den som hadde "kvit sjokolade" i midten.) Eg har vel ikkje så veldig stor tru på "Stratos Krønsj", men det kan no hende at det er ein del som fell for den.




"Stratos Nøtter", ofte kalla "Rød Stratos", er no tilbake på marknaden. Den har vore på marknaden fleire gongar før, men ikkje akkurat i denne forma. Den har tidlegare vore på marknaden i både plateform og barform, men ikkje sidan sjokoladeplatene til "Stratos" fikk bobleutforming. Eg er ikkje heilt sikker, men eg trur "Stratos Nøtter" første gong kom på marknaden i 1975 og at den sist var i sal frå 2005 til 2007. At denne sjokoladen har gått inn og ut av marknaden feire gongar kan nok tyde på at den har ein del tilhengarar som ønsker å få den tilbake.

"Statos Nøtter" synest eg er ein grei sjokolade. Og eg synest den har betre konsistens enn "Stratos Krønsj". Men eg føretrekk nok både vanleg "Stratos" og "Firkløver" framfor denne. Noko som eg synest er litt dumt med denne varianten er at nøttene ikkje er blanda skikkeleg inn i sjokoladen, men at dei på ein måte er samla under "topplokket" til boblerutene.

 

"Stratos Nøtter" og "Stratos  Krønsj" er ein del av noko som Nidar kallar "Stratos-valget 2015". Der folk kan stemme på kva slags variant av desse to dei ønsker å behalde på marknaden. Eg har aldri vore noko særleg begeistra for at produsentar slipp fleire produkt på marknaden der desse skal konkurrere mot kvarande ved stemmegjevning. Vi har vel sett det tidlegare både innan sjokolade, potetgull og pizza. Grunne til at eg synest dette er ein uting er at om ein då får seg ein ny favoritt blandt desse produkta så kan ein risikere at varianten blir fjerna frå marknaden etter kort tid. Berre fordi den ikkje har fått nok stemmer og vunne konkurransen.

Her meiner eg i tillegg at Nidar har gjort noko litt sleipt. For på baksida av sjokoladane står det "Varianten med flest stemmer og mest salg vinner valget!". Men det er no ikkje sikkert at den sjokoladen som sel mest er den som får flest stemmer. Så det er altså ikkje berre stemmene som avgjer. Når ein inviterer forbrukarane til eit slikt val så meiner eg at det er litt "juks" å heilgardere seg ved at det ikkje berre er stemmene som tel. (Eg trur nok at Nidar blir nødt til å følgje avstemningsresultatet. Men dei kan no hamne i eit lite dilemma om ein variant sel mest, mens den andre får flest stemmer.)

#sjokolade #blogg #Nidar

Freia melkesjokolade - Japp

Ein ny sjokolade som nettopp har kome på marknaden er "Freia melkesjokolade - Japp". Sidan eg likar veldig godt både "Freia melkesjokolade" og "Japp" så var eg spent på korleis denne sjokoladen ville vere. Og vi kan vel seie at eg blei positivt overraska. Sjølv om den ikkje har like god konsistens som "Japp"-en, så synest eg at den smaksmessig er eit hakk betre. Ei innvending som eg har hatt mot vanleg "Japp" er at eg synest at det er litt for mykje "kakao i marengsen". Noko som på ein måte gjev den ein ettersmak av kakao. Men den kjenner ein ikkje hos denne sjokoladeplata. Noko som eg synest er veldig bra.

"Japp"-bitane i denne sjokoladen er no litt hardare og meir kornete enn orginalen. Og eg saknar vel litt den mjuke karamellen. Men eg synest at dei har lykkast bra i å fange essensen av "Japp". Og at det har blitt ei god blanding. Mange vil nok i lengden foretrekke orginalen. Og det vil vel kanskje eg og. På grunn av konsistensen og den mjuke karamellen. Men som sjokoladeplate så synest eg at denne er meget bra. Ja, eg vil vel kalle den for farleg god. Det kan vere vanskeleg å ta berre 1 bit.

#sjokolade #Freia #blogg #helg

Regia kakao (II)

Frå  samlinga mi av gammal Freia-emballasje har eg her funne fram ein gammal kakao-boks. Den er ca. 15 cm høg og eg reknar med at den er frå tidleg på 1900-talet. Storken på boksen stammar frå ein konkurranse i 1907 der oppgåva var å dekorere ein kakao-boks. Vinnaren blei den då 26 år gamle Oscar Carl Augen Kristoffersen. Han var ein retusjør som hadde ønske om å bli kunstnar. Med sitt måleri av marabou-storken vann han eit stipend på 400 kroner. Sjølv om han vann blei det på ein måte hans ulykke. Ein del av pengane ville han bruke på ei studiereise til Italia. Første del av turen skulle gå med dampskipet "Bekkelaget". Eit stykke ut i Oslofjorden (då Kristianiafjorden) forliste skipet 23. juli 1908. Oscar Carl Augen Kristoffersen var blandt dei som omkom.

#sjokolade #Freia #nostalgi #emballasje  Kilde : Freia.no

Pops


Den orginale varianten av "Pops" har lenge vore på den norske marknaden. For ei stund sidan kom Cloetta med ein ny variant med havsalt. Sidan det var veldig lenge sidan eg hadde smakt den orginale så kjøpte eg meg ein pose av begge typar. Noko som eg reagerte litt på med den nye posen var at sjølv om den var like stor som den andre, så var det mindre innhald. Cloetta har nok benytta seg av "det gode, gamle produsent-trikset". Altså å redusere mengde i stadan for å auke pris. Slik at kiloprisen blir høgare. I den orginale posen er det 200 gram og i den nye 180 gram. Sidan dette er veldig luftige produkt så utgjer det no ein del. Og dei har gjort det ved å redusere storleiken på sjølve "pops"-a. Så det gjenstår vel å sjå om storleiken på dei orginale "pops"-a etter kvart vil "krympe" eller om Cloetta vil behalde denne forskjellen i storleik.

Smaksmessig synest eg at begge desse posane med "Pops" er gode produkt. Men eg føretrekk den orginale. Det trur eg at mange andre vil gjere og. Så eg er litt spent på korleis den nye varianten vil greie seg på marknaden. Eg vil tru at dette er eit typisk produkt som mange vil kjøpe i starten for å smake, men som seinare heller vil gå tilbake til orginalen om dei skal kjøpe ein pose med "Pops". Den med havsalt gjev no ein variasjon, men eg tvilar vel på at det er så mange som vil få den som sin favoritt.

Kva "Pops" eigentleg inneheld er litt vanskeleg å forklare. Mange har vel høyrt om puffa ris. Men i "Pops" er det puffa mais. Sjokoladen dei har brukt rundt synest eg er bra på smak. Og saman med den litt sprø og luftige konsistensen gjer det "Pops" til eit produkt som er "farleg" lett å konsumere. Det kan nok vere litt vanskeleg å stoppe når ein først har begynt å "knaske" på ein pose.

 #sjokolade #palmeolje #kosthald #blogg

På julevisitt

Ein del har sikkert lagt merke til at "Freia Melkesjokolade - Non Stop" er på marknaden i ein juleemballasje. Den er å finne i ein sjokkseljar saman med anna julegodt frå Mondelez. Sidan den og var til sals ved juletider i fjor så trur eg nok at dei satsar på å ha den som eit sesongprodukt. Altså at eit produkt som dei produserar til kvar jul. Og til det passar den etter mi meining ganske bra. I Norge er no "Non Stop", ved sidan av "Nidar - Seigmenn", den mest brukte pynten på pepperkakehus. Så "Non Stop" har no ei viss tilknytning til jul.

Twist (VI)

I samlinga mi har eg ein del "Twist"-boksar av metall. Eg har her funne fram den einaste "Twist"-boksen eg har som er laga av papp. Med lokk av plast. Boksen er 17,5 cm høg og har ein diameter på 12 cm. Den kan minne om dei gamle papp-boksane som var til "Oboy". Den boksen eg har er den einaste eg har sett av denne typen. Så det er mogleg at den er litt sjeldan, sjølv om den nok ikkje er så veldig gammal. Eg vil tippe at den kanskje kan vere frå 70-talet. Ein del hugsar nok å ha sett dette dansemotivet på metall-boksar av litt nyare dato.

Rundt heile boksen er det avbilda dansar frå forskjellige land. Dei dansande para framstiller norsk folkedans, spansk flamenco, skotsk sverddans, østerrisk schuhplattlerdans, meksikansk hattedans og huladans frå Hawaii.

 #sjokolade #Freia #nostalgi #blogg #emballasje #helg

Soho på veg ut igjen

Etter det eg kjenner til har Nidar no stoppa produksjonen av sjokoladen "Soho". Så det som eventuelt måtte vere igjen ute i butikkane er nok siste rest. Eg hadde vel venta at dette "comeback"-et ikkje skulle gå så veldig bra. Men eg blei litt overraska over at den skulle gå ut igjen allereie no. Den nye "Soho"-sjokoladen fikk vel ca. eit år på marknaden. Yoghurt-sjokoladen "Soho" er vel gjerne ein type sjokolade som ein enten likar veldig godt, eller ikkje er så begeistra for. Den har nok sine "hardcore"-fans, men selde altså ikkje godt nok til å "forsvare" sin plass i sjokoladehylla. Hylleplass er no ein knapp faktor når det gjeld sjokolade.

"Soho" kom tilbake på marknaden etter å ha vunne ei publikumsavstemning i samband med den jubileums-posen som kom ut til Nidar sitt 100-årsjubileum.

Folk kunne då stemme fram kva sjokolade dei ønska tilbake på marknaden av fem tidlegare utgåtte sjokoladar. Det kom nok ikkje som noko stor overrasking at "Soho" vann overlegent. Den har no på ein måte oppnådd ein slags "legende"-status. Då den først kom på marknaden i 1998 skilde den seg veldig ut både i form, eballasje og smak. Den utgåva av "Soho" var på marknaden til 2001. Sjølv om nye "Soho" ikkje selde bra nok, så trur eg at det kan vere lurt av Nidar å ikkje legge den heilt på hylla. Men kanskje bruke mini-varianten ein gong i blandt i ein av sine "Nidar favoritter"-posar.

"Soho"-orginalen frå 1998 til 2001.

#sjokolade #Nidar #nostalgi #emballasje #blogg

Nidar - Polly - Peanøtt & karamell

For ei stund sidan kom Nidar med ein "Polly" barsjokolade. Dei har her i tillegg til peanøttene lagt til karamell. Og eg likar at det er ganske mykje karamell i fyllet. Eg synest at peanøttene i sjokoladen er litt for salte, men eg synest at Nidar her har kome fram til ein bra sjokolade. Eg saknar vel og her eit betre namn på sjokoladen. Det skiljer seg for lite frå "Nidar - Polly"-sjokoladeplata. Nidar sine "Polly"-sjokoladar er no igjen eit eksempel på at eit firma (Orkla Foods) kryssar to produkt frå to av sine fabrikkar. Dei er nok ute etter å "mjølke" det godt innarbeida varemerket sitt "Polly" maks. Det er greit at dei brukar "Polly"-peanøtter i sjokoladen. Men eg synest at den burde ha fått eit eige namn. Det er no eit sjokoladeprodukt og ikkje eit nøtteprodukt.



#sjokolade #Nidar #helg #blogg

Kong Haakon (IV)

Her har eg funne fram ei gammal sjokoladeeske som eg kjøpte på ein bruktmarknad i fjor. Eg veit ikkje kor gammal den er, men om eg skal tippe vil eg tru at den kanskje kan vere frå 70-talet. (Men det er litt vanskeleg å seie. Den ser litt gamlare ut på sidene og på baksida enn på framsida.) Dette er den einaste "Kong Haakon"-eska eg har sett som har to "etasjar". Noko anna som er litt spesielt er at heile eska er dekka med "gull". Det er no nærliggande å tru at den kanskje kan ha vore utgitt i samband med eit jubileum eller ei anna spesiell anledning. Den skiljer seg i alle fall litt ut frå andre "Kong Haakon"-esker. Eska er ca. 28 x 19  x 5,5 cm.

#sjokolade #emballasje #Freia #nostalgi #blogg

Nidar - Cafe Bakeriet

Ein ny sjokolade frå Nidar er "Nidar - Cafe Bakeriet". "Cafe Bakeriet" er eit av kjeksprodusenten Sætre (som og er eigd av Orkla Foods) sine varemerker og er ein serie med forskjellige "cookies". Det første som slo meg når eg såg denne sjokoladeplata var at den etter mi meining har ein veldig kjedeleg emballasje. No er vel posane til "Cafe Bakeriet" kvite på farge, men her meiner eg at ein med fordel kunne ha valt ein annan bakgrunnsfarge på sjokolade-emballasjen.

Å kombinere to produkt frå to forskjellige fabrikkar med same eigar ser ut til å bli meir og meir vanleg innan produktgruppene kjeks, sjokolade og kaker. Dette er nok ei billeg form for produktutvikling. Men i dette tilfellet synest eg Nidar har gjort det "for billeg". Dei har no ikkje eingong laga eit skikkeleg namn til sjokoladen. "Nidar - Cafe Bakeriet" er ikkje noko sjokoladenamn. Og sjølv om "Cafe Bakeriet" er eit kjeksmerke så høyrest det no meir ut som namnet på ei bedrift. Eit anna problem er no at "Cafe Bakeriet" består av fleire typar "cookies". Det er altså ikkje eit einsarta produkt. Akkurat no trur eg merket består av fem variantar. Så då blir det litt meiningslaust å berre skrive "Cafe Bakeriet" på sjokoladen. (Eg får vel og legge til at dei manglar eit bindestrek i namnet. Men det er nok Sætre sin feil og ikkje Nidar. "Cafebakeriet" skal skrivast i eitt ord eller med bindestrek.)

Utifrå lukt og smak så vil eg tru at Nidar her har brukt sin nye "Bergene Melk" som basis-sjokolade. (Eg skriv "nye" sidan eg reknar med at den skiljer seg ein del smaksmessig frå orginale "Bergene Melk". Som eg vil tru var betre på smak.) Nidar kan å lage betre mjølkesjokolade enn nye "Bergene Melk", så eg synest at det er litt rart om dei då brukar den som basis-sjokolade i denne plata. Dei kunne no for eksempel ha brukt "Stratos"-sjokolade utan bobler som basis. Eller ein type mjølkesjokolade som dei brukar i ein av "favorittpose"-bitane sine. Den nye "Bergene Melk" sjokoladen er eg ikkje så veldig glad i. Men når det er blanda i andre ingrediensar som her så blir ikkje den karakteristiske smaken så framtredande. Så då synest eg gjerne resultatet blir betre.

Denne sjokoladen blir på emballasjen beskrive som "Norsk melkesjokolade med sprø biter av Cafe Bakeriet cookies, nøtter og mørk sjokolade". Ein ulempe som ein ofte ser med "kjekssjokoladar" som for eksempel denne og "Freia - Oreo" er at dei inneheld palmeolje. I produktgrupper som ferdigkaker og "cookies" har ein nok ikkje kome så langt i utskiftninga av palmeolje som mange forbrukerar ønsker.

 

#Sjokolade #Nidar #kaker #kjeks #cookies

 

Kina Wafer


"Kina Wafer" er ein ny sjokolade (frå finske Fazer) som nyleg har kome på den norske marknaden. Frå før kjenner sikkert mange til posane med "Kina Snacks" som er ein slags sjokoladedekte crispkuler. "Kina Wafer" er ein tre-lags vaffelkjeks med nougatfyll i og med eit tynt mjølkesjokoladetrekk utanpå. Eg har ikkje sett den i daglegvareforretningar enno, så den er vel kanskje helst å få kjøpt i kioskar.

Eg kan vel ikkje akkurat seie at denne sjokoladen fall så godt i smak hos meg. Den var grei nok, men eg synest verken sjokoladen, fyllet eller kombinasjonen med kjeksen var noko spesielt god. Men dei som er veldig glade i sjokoladepålegget "Nougatti" vil vel kanskje like den godt.



#Sjokolade #Blogg

Ny Freia-logo

Freia er no i ferd me å få seg ny logo. Logoen har fått eit nytt "omriss" pluss at dei har forandra ein del på bokstavane. Eg kan vel ikkje akkurat seie at eg likar den. Eg likar ikkje den nye i-en, a-en, "understrekinga" eller den nye "sleiken" på toppen av f-en.

Det nye "omrisset" er for såvidt greit, men ikkje så fint som det gamle ovale. Det er mogleg at designeren har latt seg inspirere av forma på Freia-klokka på Karl Johans gate, men forma er ikkje heilt den same. Personleg synest eg at det minner om ein gammal "Dent"-pastill. Men Freia-pastillen "Dent" blei no seld til Brynild Gruppen i 2004. Dei tidlegare endringane av logoen har vel gjerne vore små forbetringar. Men no meiner eg at dei har tatt eit steg tilbake og fått ein mindre bra logo enn den forrige. Og eg synest spesielt at endringane av sjølve bokstavane i logoen har blir for store. Eg meiner og at den har blitt litt mindre lesbar på avstand. Det er vel kanskje eit døme på eit tilfelle der ein vil forandre berre for å forandre og kjem fram til eit dårlegare resultat.


Den gamle/noværande Freia-logoen synest eg er fin. Men eg er ikkje så glad i dei to endane på "gullbandet" rundt. Så ei forbetring etter mi meining hadde vore om ein kutta ut dei endane og heller laga ei heil oval "gullramme" rundt. Eg håpar at Mondelez tar til fornuft og ikkje innfører den nye logoen. Men eg vil nok tru at utforming av ny emballasje allereie er i full gang. Men det er no inga skam å snu! For i dette tilfellet har ein bomma.

 #Freia #emballasje #logo #tabbe

Kamel-Melkesjokolade

(Foto : Freia)

Etter ei sommarpause er eg no tilbake. Eg tenkte eg skulle ta med eit litt artig bilde. Det er henta frå ei av nettsidene til Freia og var ein 1. april-spøk som dei hadde no i år. Eg tviler vel på at det var så mange som gjekk fem på og trudde at dette var eit nytt Freia-produkt. Til det var nok spøken altfor openlys. Men om det ikkje hadde stått at mjølka var frå  "norske kameler" så hadde nok fleire latt seg lure.

Men eg meiner no og at denne spøken inneheld litt alvor. For er det noko som Mondelez (tidlegare Kraft Foods) no bør ha lært seg så er det at ein aldri tuklar med oppskrifta til "Freia Melkesjokolade". Og ekte "Freia Melkesjokolade" kan sjølvsagt berre lagast av norsk mjølk frå norske kyr, født og oppvaksne i Norge.

Reklamekort (IV)

 

Her har eg funne fram eit gammalt reklamekort som eg kjøpte litt tidlegare i år. På framsida av kortet er det avbilda eit måleri som har motiv frå det norske folkeeventyret "Gullfuglen". Teksten som står nederst er "Guldfuglen som henter guldæblet" og litt over teksten er måleriet signert "Jo Piene". Etter eit søk på nettet fann eg ut at dette sannsynlegvis er den norske kunstnaren Johannes Piene som levde frå 1874 til 1954. På baksida av kortet er det ei reklame for "Freias selskabschocolade", der ein og får opplyst korleis ein kan tilberede den som varm drikke. Kortet er ca. 6 x 10,5 cm.

"Chocoladen opbrækkes i smaa stykker og udrøres med lidt kogende vand. Derpaa tilsættes til en plade chocolade 3/4 a 1 liter frisk melk. Det hele koges langsomt op under stadig visping. Man skal ikke helde chocoladen op straks den koger, men lade den koge ind nogle minutter, hvorved den vinder i smag.

Hvis man ønsker en lettere drik, tages 1/3 vand til 2/3 melk, den ophuggede chocolade gives da først et opkog i vandet, hvorpaa man spæder op med melken, hvorefter det hele gives et nyt opkog."

 #sjokolade #Freia #reklame #oppskrift #nostalgi #historie

Non Stop i rødt, hvitt og blått


No som det nærmar seg 17. mai så passar det vel bra å ta med eit bilde av den ny "Non Stop"-en. "Non Stop i rødt, hvitt og blått" er ein "Non Stop"-pose som kom på marknaden for nokre veker sidan og som er utgitt i eit avgrensa opplag. Eg har inntrykk av at det ikkje er alle daglegvarekjedar som har tatt den inn, så den kan kanskje vere litt vanskeleg å få tak i. Eg reknar med at den har kome på marknaden på grunn av Grunnlovsjubileumet, men eg trur nok at den vil kunne passe som eit "sesong-produkt". Det brukar no å vere ein del feiringar og kaker i mai. Og eg ser vel på dette først og fremst som eit "kakepynt-produkt". For eg synest no ikkje akkurat at blandinga av raude, kvite og blå "Non Stop" ser så veldig fristande ut. Men på forskjellige kaker kan det nok passe bra.

#sjokolade #Freia #17mai #feiring #jubileum #kakepynt #kaker

Les meir i arkivet » November 2017 » Oktober 2017 » September 2017





Hugs : "For mykje av det gode, er for mykje av det gode."

hits