hits

Framsida Om bloggen Kontakt


Norena

Her har eg funne fram to boksar for Freia-pastilllen "Norena". Den nederste er av den typen som ein skyv lokket til side for opne boksen, mens den verste har vanleg lokk som ein tar heilt av. Den verste boksen er berre 5 cm lang og den nederste 6 cm. S dette er veldig sm boksar. Eg trur kanskje at den nederste er den eldste. Det kan vere ganske vanskeleg finne ut kor tid slike gamle, utgtte dropsmerker var i sal. Og eg har ikkje funne ut kor tid pastillen "Norena" var p marknaden.

Sjlv om eg ikkje har funne noko informasjon om denne lakrispastillen s fann ut at det var ein operasongar som hadde artistnamnet Kaja Norena. Ho debuterte i 1905 og hadde sitt store internasjonale gjennombrot p midten av 20-talet. Og levde til slutten av 60-talet. Eg kom d til tenke p at pastillen "Norena" kanskje kan vere oppigjenkalla etter denne norske operasongaren. "IFA"-pastillen, som no blir produsert av Nidar, fikk no namnet sitt etter initialane til operasongaren Ivar Fridtjof Andersen. "IFA" blei lansert i 1930. Eg tenkte at "Norena" kanskje kunne ha vore Freia sitt svar p "IFA"-pastillen. Det er ikkje sikkert at denne teorien min stemmer, men eg synest no at det virkar ganske logisk.

Ingen kommentarar

Skriv en ny kommentar