hits

Framsida Om bloggen Kontakt


Kronprinsesse Märtha


Denne konfekteska hadde eg ikkje sett før eg litt tidlegare i år kom over den på ein bruktmarknad. Kronprinsesse Märtha levde frå 1901-1954 og blei i 1929 gift med dåverande Kronprins Olav. Før det var ho prinsesse av Sverige. Kronprins Olav blei signa til konge i 1958 og blei då Kong Olav V. Så Kronprinsesse Märtha er altså mor til Kong Harald V, Prinsesse Ragnhild og Prinsesse Astrid.

Eg er litt usikker på kor tid denne konfekteska kom på marknaden. Utifrå bildet på eska, der Kronprinsesse Märtha er ganske ung, så vil eg tru at det kanskje var ein gong mellom 1929 og 1935. Eska er ca. 18 x 26 x 3,5 cm. og har gullfarge på sidene.

#sjokolade #Freia #nostalgi #emballasje

Ingen kommentarar

Skriv en ny kommentar